Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
  5. Munnleg oppgåve: Følg ei bedrift!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Munnleg oppgåve: Følg ei bedrift!

Piktogram for munnleg oppgåve.

Rollespel

No skal resultata frå den skriftlege oppgåva om bedrifta de har valt, presenterast munnleg for klassen. Denne gongen passar det bra med rollespel! Bruk lysarka de laga i Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift! som støtte når de presenterer.

Dramatiser ein kjøpsprosess

I Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift! har de allereie skildra nokre tenkte kjøpssituasjonar i både forbrukarmarknaden og bedriftsmarknaden. Dermed har de allereie eit godt grunnlag for eit rollespel.

Bruk éin av kjøpsprosessane de skildra i den skriftlege oppgåva, anten det er eit forbrukarkjøp eller eit bedriftskjøp, som grunnlag for rollespelet dykkar. Fordel rollene i gruppa og lag eit lite skodespel som skisserer kjøpssituasjonen frå problemerkjenning til etterkjøpsåtferd.

Hugs å få med alle dei ulike kjøpsrollene, og vis korleis dei som har desse rollene, kan påverke kjøpsavgjerda. Det er lov å bruke humor! (Då hugsar de kanskje stoffet endå betre òg?)

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale