1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
  5. Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!

Piktogram for skriftleg oppgåve.

Grundig analyse

No skal de halde fram på den skriftlege oppgåva som du og dei andre i gruppa di har valt å sjå nærare på. Dette er ei kontinuitetsoppgåve, det vil seie at ho held fram i kvart kapittel, og dei enkelte delane byggjer på kvarandre. Tanken er at de til slutt skal sitje att med ein omfattende analyse av ei bedrift.

Kjøpsprosessen

Dersom de enno ikkje har teke til med denne skriftlege oppgåva, kan de gå tilbake til Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift! for å orientere dykk.

Tenk på det de har lært i kapittelet om kjøpsprosessen, og diskuter desse punkta:

  • Beskriv kjøpsprosessen for ein typisk kunde som kjøper eitt av produkta til bedrifta de har valt. Gå gjennom alle fasane i kjøpsprosessen og sjå føre dykk korleis kunden tenkjer i kvar fase.
  • Korleis blir den tilsvarande kjøpsprosessen for eit produkt bedrifta vil kjøpe? (Då snakkar vi altså om kjøpsprosessen i bedriftsmarknaden.)
  • Kven er det som har dei ulike kjøpsrollene i bedrifta dykkar? Lag eit tenkt døme for eit kjøp, og vis korleis representantane for dei ulike rollene er med på å påverke kjøpsavgjerda.
  • Vel eit av dei nyaste podukta bedrifta dykkar har lansert, og beskriv diffusjonsprosessen til dette produktet. Gjer greie for kven som er innovatørar, tidlege brukarar, tidleg majoritet, sein majoritet og etternølarar.

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale