Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
  5. Blogg i veg!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Blogg i veg!

Piktogram for bloggoppgave

Å skrive for å lære

Kvifor er det lurt å skrive blogginnlegg? Rett og slett fordi den beste måten å lære på, er å lære andre noko. Det gjer du mellom anna ved å seie noko, meine noko og stå for noko i bloggen din.

Beskriv din eigen kjøpsprosess!

Skriv eit blogginnlegg der du tek føre deg det siste kjøpet som var viktig for deg. Viss du allereie har ein fagblogg, held du fram med å skrive der. Inviter klassekameratane dine og læraren din som lesarar av bloggen.

  • Beskriv dei ulike fasane i kjøpsprosessen din. Kva nøyaktig gjorde du?
  • Dersom det er snakk om eit førstegongskjøp: Sei noko om diffusjonsprosessen til produktet. Har det vore på marknaden lenge, eller er det nokså nytt? Kva for ein brukarkategori hamnar du i når det gjeld dette produktet?
  • Skriv også noko om din egen adopsjonsprosess dersom det var første gongen du kjøpte den aktuelle vara.

Tips: Finn din blogg-stil!

Kva skal til for at andre får lyst til å lese bloggen din, trur du? Humor? Interessante tema? Spissformuleringar? Eller kanskje alle desse tre ingrediensane i ei fin blanding? Uansett kva verkemiddel du føretrekkjer, kan det vere lurt å velje éin stil og halde på den, slik at dei andre kjenner igjen merkevara di – din bloggpersonlegdom.

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale