Live Marie Toft Sundbye (CC BY-SA)Sist oppdatert 16.11.2017
Finn døme i media
For å utvikle eit godt fagleg blikk kan du lese relevante avisartiklar som kastar lys over det du har lært. Under finn du aktuelle artiklar om kjøpsprosessar i bedriftsmarknaden og forbrukarmarknaden. I tillegg kan du reflektere over diffusjonsprosessen og adopsjonsprosessen av eit konkret produkt.
Kjøpsprosessen
Diskuter og grunngi, og bruk faguttrykk du har lært i dette kapittelet.
I denne artikkelen blir det skrive om ein ny type mobiltelefon: Her er nye iPhone X
Kva for ei gruppe kjøparar meiner du Apple bør vende seg mot? Trekk inn kunnskapane dine om diffusjonsprosessen og om gruppering av forbrukarar når du grunngir svaret ditt.
Kva meiner du marknadsførarane til Apple bør argumentere med dersom dei skal nå ein kunde som er i vurderingsfasen i adopsjonsprosessen?
Reglar for bruk av bildet
Denne lisensen gjev deg rett til å dela og bruka dette innhaldet på visse vilkår.
Du må alltid oppgi kven som har laga innhaldet.
Du kan ikkje tene pengar på bruk av dette innhaldet.
Du kan berre dele innhaldet med same lisens som det opphavlege innhaldet.