Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
  5. DiffusjonsprosessenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Diffusjonsprosessen

Ordet diffusjon tyder «spreiing», og diffusjonsprosessen handlar om korleis nye produkt spreier seg blant ulike kategoriar brukarar i marknaden. Det er nemleg ikkje slik at alle brukarane prøver ut nye produkt like raskt. Nokon brukarar liker å vere først ute med siste nytt, andre treng lengre tid.

Dråpe og ringer i vann. Foto.

Spreiing av eit produkt eller ein idé

Medan adopsjonsmodellen skildrar korleis nye produkt blir tekne opp i ein marknad, handlar diffusjonsprosessen om kor lang tid det tek før ein idé eller ei vare blir akseptert av forskjellige individ i ein marknad. Nokon aksepterer ein idé raskt, medan andre bruker mykje lengre tid på å adoptere han.

Ta klesmoten som døme: Det er alltid nokon i marknaden som plukkar opp nye trendar før dei har nådd landet vårt, medan andre bruker lang tid og må venje seg til det endra motebiletet før dei vil akseptere det. Nokon tek i bruk ny teknologi med det same han blir lansert, til dømes Blu-ray-teknologien, medan andre framleis bruker VHS-video. Nokon har fått med seg «før-før-før-premieren» av den siste Harry Potter-filmen, andre ser han på DVD nokre år seinare.

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale