Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
  5. AdopsjonsprosessenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Adopsjonsprosessen

Adopsjonsprosessen er prosessen ein forbrukar går gjennom frå eit nytt produkt er introdusert på marknaden, til det er akseptert eller forkasta. Eitt kjøp av eit produkt er ikkje adopsjon. Ved adopsjon inngår produktet i den eksklusive gruppa av produkt vi bruker fleire gonger, som til dømes Crocs.

Dekorerte Crocs. Foto.

Ein ny «familiemedlem»

Når prøvde du sist eit nytt produkt som du likte så godt at du heldt fram med å bruke det? Det er denne prosessen vi på fagspråket kallar adopsjon. Å adoptere tyder «å ta til seg nokon eller noko». Vanlegvis bruker vi ordet i samband med adopsjon av barn, men i marknadsføringssamband tyder adopsjon det å ta til seg nye produkt, idear og tenester.

Bilete av Steve Jobs med ein iPad frå Apple.
Ein kan nesten seie at iPad-en frå Apple blei adoptert av fanskaren allereie før han kom i sal den 27. januar 2012.

Adopsjonsprosessen er utviklinga ein forbrukar går gjennom frå eit nytt produkt er introdusert på marknaden, til vedkommande har akseptert eller forkasta det. Adopsjonsprosessen er altså veldig lik kjøpsprosessen, men med den skilnaden at han startar ved at eit heilt nytt produkt blir introdusert. Det er mogleg at forbrukaren allereie har oppdaga eit behov for produktet, men dette er ikkje ein føresetnad.

Ikkje alle produkt bli adopterte

Nokon produkt blir raskt adopterte av forbrukarar. Tenk deg til dømes UGGs, støvlane som i somme miljø er på «alle» sine føter, eller Crocs, som er like populære.

Andre produkt slår aldri gjennom. Til dømes var ideen med å samle alle faste rekningar på éin og same faktura, eigentleg god, men han blei aldri heilt akseptert. Firmaet som kom på dette, tenkte seg at ein slik samlefaktura ville gjere kvardagen langt enklare for forbrukarane. Mot eit påslag tok dei jobben med å hente inn nødvendig informasjon frå straumleverandør, kommune, NRK, telefonleverandør, forsikring og så vidare, slik at fakturaene til kvart enkelt hushald blei riktige for kvar periode. (på biletet under får du ein idé om korleis ei slik rekning kunne sett ut.)

Bilete av ein tenkt faktura frå Spar tid og pengar AS.
Fiktiv faktura frå Spar tid og pengar AS.

Fordelen med ei slik ordning ville ikkje berre ha vore at kvart hushald slapp å få postkassa full av rekningar, fekk ryddigare rekningar og betre oversikt. Bedrifta forhandla i tillegg fram rabattar på alle kostnadene, slik at denne løysinga ville bli billegare for kundane enn om dei skulle gjere jobben sjølve. Likevel blei ikkje dette produktet nokon stor suksess. Kva kan det komme av, trur du?

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale