Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
  5. Kjøpsprosessen i dei profesjonelle marknadeneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjøpsprosessen i dei profesjonelle marknadene

Profesjonelle marknader er eit samleomgrep for bedriftsmarknaden, mellomhandlermarknaden, den statlege og kommunale marknaden og organisasjonsmarknaden. Kjøpsprosessen i dei profesjonelle marknadene skjer i prinsippet på same måte som i forbrukarmarknaden, men han er meir formalisert.

Tralle med juice. Foto.
Organisasjonar og bedrifter kjøper gjerne relativt store kvanta til relativt stor verdi.

Likskapar med forbrukarmarknaden

Sjølve kjøpsprosessen er i prinsippet lik i forbrukarmarknaden og i dei profesjonelle marknadene. Prosessen startar med at det finst eit udekt behov, ein mangel. Deretter finn ein alternativ, og til slutt vel ein riktig produkt som tilfredsstiller dette behovet.

Bilete av skulemjølk.
Forbrukarar handlar gjerne oftare enn organisasjonar og bedrifter, men i mindre mengder og til lågare verdi.

Forskjellar frå forbrukarmarknaden

Som forbrukarar handlar vi berre på eigne vegner, for oss sjølve, venner eller familie. I dei profesjonelle marknadene derimot kjøper ein inn for ei heil bedrift eller eit heilt samfunn, og det er ikkje personlege grunnar som skal liggje til grunn for kjøpa, men organisasjonen eller bedrifta sitt behov.

Medan vi forbrukarar handlar relativt ofte, relativt smått og for det meste til relativt låg verdi, er det motsette tilfelle for bedrifter og organisasjonar: Dei handlar vanlegvis relativt stort, relativt sjeldan og til relativt høg verdi. Dette har ein del konsekvensar for kjøpsprosessen i dei profesjonelle marknadene. Pengane som blir forvalta, må bidra til avkasting og brukast medvite for å nå det overordna målet til organisasjonen eller bedrifta.

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale