Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
  5. Evaluering av alternativChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Evaluering av alternativ

Kva for nokre reelle alternativ har du eigentleg som kan dekkje behovet ditt? Dette er spørsmålet du stiller deg i den tredje fasen av kjøpsprosessen: evaluering av alternativ. Kva er det som avgrensar valmoglegheitene dine?

Seilbåtutstilling. Foto.
Dersom du gjerne vil segle, finst det teoretisk sett fleire moglegheiter. Du kan kjøpe båt sjølv, du kan leige, du kan bestille ein seglbåtferie, og så vidare.

Kva er viktigast for deg?

Når du har funne ut kva som finst av løysingar på problemet ditt, må du vurdere kritisk kva alternativ som er reelle løysingar for deg. Du må undersøkje alle tilhøve som har noko å seie for at du skal bli nøgd med valet ditt, som til dømes:

  • Kva kostar produktet?
  • Er produktet funksjonelt? Gjer det jobben sin?
  • Korleis er det utforma – altså kva design har det?
  • Korleis er kvaliteten på produktet?
  • Alt i alt: I kor stor grad løyser produktet problemet ditt?

Høg- og låginvolveringsprodukt

Tømmerhytte med sjøutsikt i ein avisannonse. Foto.
Bustad er eit høginvolveringskjøp. Mange bruker lang tid på å vurdere alternativ før dei tek ei avgjerd.

Du bruker meir tid på denne fasen dersom du kjøper noko som representerer ein høg økonomisk risiko for deg, og du bruker mindre tid dersom det er snakk om eit rutineprodukt. Kjøper du eit låginvolveringsprodukt, som ein deodorant eller ein hårstrikk, bruker du vanlegvis kort tid på denne avgjerda. Kjøper du derimot eit høginvolveringsprodukt, som eit hus eller ein båt, blir vurderingsfasen gjerne lang.

Heilskapsvurdering

Syklist. Foto.
Fulldemping, vekt, pris eller kor mange gir han har: Kva synest du er viktigast når du vel sykkel?

Vanlegvis har du også ein del meiningar om kor viktige dei ulike eigenskapane er. Nokon eigenskapar må kanskje vere til stades for at du skal vurdere produktet i det heile, medan du kan godta lågare skår på enkelte mindre vesentlege punkt dersom heilskapen tilfredsstiller krava dine. La oss seie at du vil kjøpe ein sykkel. Du ønskjer at sykkelen skal ha støytdempar, minst 20 gir og ei vekt på maksimalt 10 kilo. Du vil òg at han ikkje skal koste meir enn 6000 kroner. Det viser seg at du finn ein sykkel til 5500 kroner. Han har 21 gir og dempar, men han veg 11 kilo. Du synest at den låge prisen kompenserer for den ekstra kiloen, og konkluderer med at dette kan vere eit godt kjøp for deg.

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale