Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsprosessenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Informasjonssøking

Når du har konstatert at du har eit udekt behov og vil gjere noko med saka, set du i gang prosessen med å «tette hòlet». Då er du kommen til fase to i kjøpsprosessen: informasjonssøkinga.

Internettsøk. Skjermdump.

Start med å spørje deg sjølv!

Du undersøkjer no kva for nokre produkt eller løysingar som kan hjelpe deg til å dekkje behovet ditt. Den første personen du spør om råd, er deg sjølv. Det kan hende du kjem på at du faktisk har noko som kan dekkje behovet ditt på ein tilfredsstillande måte – utan at du treng å kjøpe noko. Du kan også rekapitulere kva du har lese i avisene den siste tida, kva for nokre reklamar du har sett, og så vidare for å finne svar på spørsmålet ditt.

Hundemote. Foto.
Hundar bør sleppe å fryse om vinteren, men det er nok helst eigarane som er opptekne av om vinterdrakta er siste mote eller ikkje!

La oss seie at du har ein hund som ikkje har mykje pels, og som derfor treng eit dekken, ein vinterdrakt som skal varme han. Kva kan du gjere? Du hugsar at det i siste utgåve av «Hundesport», medlemsbladet til Norsk Kennel Klub, var fleire annonsar med tilbod på dekken i mange variantar. Dei var prisa frå 500 kroner og oppover til cirka 800 kroner. Dette er relativt kostbart utstyr til ein hund, vil du kanskje meine. Kva kan du gjere for å dekkje dette behovet på ein meir økonomisk måte? Kanskje finst det noko brukt på Finn.no? Eller du kan lage noko sjølv? Ein gammal ullgenser som du syr om, kan gjere nytten til ein langt lågare pris enn eit kjøpt dekken. Ofte vil du klare å finne løysinga på eiga hand.

Intern og ekstern informasjonssøking

Når du bruker deg sjølv som informasjonskjelde, seier vi at du driv med intern informasjonssøking. Dersom du har avgrensa med kunnskap på eit område, spør du gjerne også andre personar om råd. Dette kan vere venner og kjenningar eller personar som har særleg god kunnskap på området. I tillegg søkjer du kanskje informasjon i media. På Internett finn du til dømes omtalar av ulike produkt og brukarvurderingar. Når du leitar etter informasjon andre stader enn i ditt eige hovud, snakkar vi om ekstern informasjonssøking.

Vi legg ofte vekt på kva slags produkt menneske vi ser på som referansepersonar, bruker. Dersom du skulle kjøpe nytt snøbrett eller nye snøbrett-klede, ville du kanskje også sett kva nokon av dei beste i verda bruker?

Det blir stadig enklare å finne kjøpehjelp på nett. Til dømes kan du bruke denne iPhone-appen.

Læringsressursar

Kjøpsprosessen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale