1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Psykologi og kjøpsåtferdChevronRight
  4. KjøpsåtferdChevronRight
  5. Køyr kamera!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Køyr kamera!

Piktogram for filmoppgave

Digital biletserie

Ofte er det lettare å lære fagstoff når du får presentert det i ein film. Du hugsar nemleg best når du bruker fleire sansar, og når du er engasjert. Filmmediet appellerer til både auget og øyret, det engasjerer både hjartet og hovudet, og derfor hugsar du fagstoffet betre enn om du berre les ein fagtekst eller svarer på repetisjonsspørsmål. Dersom du lærer deg å bruke lette filmprogram, kan også du sjølv få uttrykt deg på denne måten.

Korleis påverkar kulturelle faktorar kjøpsåtferda vår?

Bruk eit program du kan lage film i, til dømes MovieMaker eller PhotoStory. Du skal no lage ein film om korleis kulturelle faktorar påverkar kjøpsåtferda vår. Vel om du vil ta føre deg eitt enkelt kulturelt element meir grundig (til dømes éin religion eller nasjonalitet), eller om du vil lage ein slags oversiktsfilm over ulike kulturelle element.

Skrift eller tale?

Du kan gjerne ha enkelte «sider» i filmen din med berre tekst, slik at du får forklart kva du har tenkt. Men hugs å avgrense det. Skriftleg tekst er alltid «tyngre fordøyeleg» enn tale eller bilete for den som ser ein film. Som oftast er det ei betre løysing at du legg på di eiga stemme som forklarer og kommenterer.

Musikk

Du kan også leggje på bakgrunnsmusikk og andre lydar som støttar opp under bodskapen din. Musikk vekkjer kjensler, og kjensler er ein viktig inngangsport for kunnskap.

Jobb i lag

Det kan vere ein fordel å arbeide i en gruppe på tre når de skal lage film. Då får de ein god diskusjon om kva som skal vere med, og korleis de best nyttar dei moglegheitene som filmmediet gir dykk.

Læringsressursar

Kjøpsåtferd

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs