1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Situasjonsanalyse og marknadsinformasjonChevronRight
  4. Marknadsinformasjonssystemet (MIS)ChevronRight
  5. Kjenneteikn på måloppnåingChevronRight
AssessmentResourceVurderingsressurs

Vurderingsressurs

Kjenneteikn på måloppnåing

Emnet Marknadsinformasjonssystem dekkjer desse kompetansemåla i læreplanen for faget marknadsføring og leiing 1:

  • «Eleven skal kunne gjere greie for dei viktigaste komponentane i eit moderne marknadsinformasjons-system.»
  • «Eleven skal kunne gjere greie for ulike former for kvalitative og kvantitative marknadsundersøkingar.»

Korleis måler læraren om du har skaffa deg desse kunnskapane og ferdigheitene? Sjå på oversikta nedanfor. Her får du nokre konkrete kriterium som hjelper deg å sjå kor langt du er kommen i arbeidet ditt.

Karakteren 1–2
Lav måloppnåing
Karakteren 3–4
Middels måloppnåing
Karakteren 5–6
Høg måloppnåing
  • Du kan gi ei enkel forklaring på kva eit MIS er.
  • Du kan forklare forskjellen mellom den interne og eksterne delen av MIS. Du kan også nemne eitt eller to område innanfor kvar av dei to delane.
  • Du kan forklare saman-hengen mellom MIS og marknadsføringsleiing.
  • Du kan forklare va marknadsundersøkingar er, og kvifor ei bedrift bruker slike undersøkingar.
  • Du kan nemne minst to typar marknads-undersøkingar som er presenterte i kapittelet, og du kan gi døme på desse.
  • Du kan forklare forskjellen mellom kvalitative og kvantitative metodar.
  • Du kan forklare forskjellen mellom primær- og sekundærdata.
  • Du kan forklare forskjellen mellom skrivebords- og feltmetodar.
  • Du kan gi ei enkel forklaring på kva eit MIS er.
  • Du kan forklare forskjellen mellom den interne og eksterne delen av MIS. Du kan også nemne eitt eller to område innanfor kvar av dei to delane, og du kan gi minst eitt eller to døme frå ei reell bedrift.
  • Du kan forklare saman-hengen mellom MIS og marknadsføringsleiing.
  • Du kan forklare kva marknadsundersøkingar er, og kvifor ei bedrift bruker slike undersøkingar.
  • Du kan nemne minst fire typar marknads-undersøkingar som er presenterte i kapittelet, og du kan gi døme på desse.
  • Du kan delvis gjere greie for bruksmåtar, styrkar og veikskapar ved dei ulike typar undersøkingar.
  • Du kan forklare forskjellen mellom kvalitative og kvantitative metodar og gi døme.
  • Du kan forklare forskjellen mellom primær- og sekundærdata og gi døme på begge typar data.
  • Du kan forklare forskjellen mellom skrivebords- og feltmetodar.
  • Du kan forklare utførleg kva eit MIS er, og du veit kvifor behovet for eit godt MIS er større no enn før.
  • Du kan forklare forskjellen mellom den interne og den eksterne delen av MIS. Du kan også nemne dei ulike områda innanfor begge dei to delane, og du kan gi fleire døme frå reelle bedrifter.
  • Du kan forklare saman-hengen mellom MIS og marknadsføringsleiing.
  • Du kan forklare kva marknadsundersøkingar er, og kvifor ei bedrift bruker slike undersøkingar.
  • Du kan nemne dei ulike typar marknads-undersøkingar som er presenterte i kapittelet, og du kan gi døme på alle typane.
  • Du kan gjere greie for bruksmåtar, styrkar og veikskapar ved dei ulike typar undersøkingar.
  • Du kan forklare forskjellen mellom kvalitative og kvantitative metodar og gi døme. Du kan dessutan gjere greie for styrkar og veikskapar ved begge typane.
  • Du kan forklare forskjellen mellom primær- og sekundærdata og gi døme på begge typar data.
  • Du kan forklare forskjellen mellom skrivebords- og feltmetodar.
  • Du kan finne artiklar i media som belyser temaa i kapittelet, og du kan bruke fagomgrep når du refererer innhaldet i artiklane.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs