TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

På an igjen!

Faktasjekk

Det er viktig at du «held tunga rett i munnen» når du snakkar om MIS, for her er det mange detaljar og kategoriar å halde styr på. Prøv å reflektere rundt kvifor vi kategoriserer som vi gjer, då blir det lettare for deg å plassere ulike informasjonskjelder, undersøkingar og datatypar i rett kategori.

Repetisjonsspørsmål

  1. Kva er MIS ei forkorting for?
  2. Korleis kan vi definere MIS?
  3. Kva bruker vi eit MIS til?
  4. Kva er grunnane til at MIS blir meir og meir viktig for bedrifter i vår del av verda?
  5. Forklar dei enkelte delane som høyrer inn under den eksterne delen av MIS.
  6. Forklar dei enkelte delane som høyrer inn under den interne delen av MIS.
  7. Kva er marknadsføringsleiing?
  8. Kva er marknadsundersøkingar?
  9. Nemn nokre av dei vanlegaste årsakene til at bedrifter gjennomfører marknadsundersøkingar.
  10. Kva trinn inngår i marknadsundersøkingsprosessen?
  11. Forklar forskjellen mellom primærdata og sekundærdata.
  12. Kva er høvesvis ei skrivebordsundersøking og ei feltundersøking?
  13. Forklar forskjellen mellom kvalitative og kvantitative data.
  14. Kva kan vere problematisk med observasjonsmetoden?
  15. Gi eit døme på bruk av eksperimentmetoden som marknadsundersøking.
  16. Kva forskjellige typar intervju har vi?
  17. Kva må vi passe på når vi utformar intervjuspørsmål som skal gi oss a) kvalitative, og b) kvantitative data?
  18. Kva to typar personlege intervju har vi?
  19. Kva er utfordringane med eit djupneintervju?

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs