1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Situasjonsanalyse og marknadsinformasjonChevronRight
  4. Marknadsinformasjonssystemet (MIS)ChevronRight
  5. Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!

Piktogram for skriftleg oppgåve.

Følg bedrifta dykkar vidare!

No skal de halde fram med firmapresentasjonane de har gjort i grupper heilt frå starten. Denne gongen skal de prøve å sjå føre dykk korleis eit MIS for bedrifta dykkar kan bli sjåande ut. Kva inneheld det av informasjon? Samanfatt resultata på lysark. Lysarka kan tene som støtte når de presenterer MIS-et til bedrifta dykkar for klassen.

Marknadsinformasjonssystemet for bedrifta dykkar

Sjå nærare på desse delane av MIS-et for bedrifta de har valt å følgje:

Intern del av MIS

  • Kva slags informasjon som tilsette og leiing sit på, kan vere av interesse?
  • Korleis ser salslister, ordrelister og tilbakemelding frå kundar ut? Kva slags informasjon kan de lese ut av desse informasjonskjeldene?
  • Er det andre lister eller oversikter som kan vere aktuelle og interessante for bedrifta dykkar?
  • Korleis kan bedrifta følgje med i media for å få den informasjonen ho treng? Kva slags nyheiter er av interesse?
  • Kva treng bedrifta av marknadsundersøkingar for å få god nok informasjon til å ta avgjerder?

Ekstern del av MIS

  • Kva slags informasjon sit kundane på? Kva synest dei om produkta?
  • Kven er konkurrentane, og kva gjer dei? Er vår eiga bedrift konkurransedyktig jamført med dei?
  • Finst det sosiale, politiske og økonomiske tilhøve i samfunnet som kan bety noko for strategien til firmaet dykkar? Finn ut meir om dette om de klarer det.
  • Kven er leverandørar og distributørar for bedrifta dykkar? Prøv å skildre sider ved dei som kan vere nyttige å ha greie på.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs