TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Stå på stand!

Piktogram for plakatoppgave

Rollespel

Om du verkeleg skal forstå korleis det er å skaffe marknadsinformasjon, må du vere med på det sjølv! I denne oppgåva skal klassen jobbe i grupper, og kvar gruppe presenterer ein undersøkingsmetode i form av eit rollespel. Her kan alle ha det moro og skape gøyale situasjonar, for dette er jo berre trening!

Ein presentasjon av ulike undersøkingsmetodar

Del klassen i seks grupper. Kvar gruppe tek føre seg éin av metodane vi bruker i marknadsundersøkingar. Oppdraget er å lage eit rollespel der de demonstrerer metoden. Spørsmåla undersøkinga dykkar skal gi svar på, vel de sjølv. Vel mellom desse metodane:

  • observasjonsmetoden (open observasjon)
  • eksperimentmetoden
  • fokusgruppeintervju (djupneintervju i gruppe, omfattar fleire tema)
  • djupneintervju (av éin person, ver innom fleire tema)
  • telefonintervju (førebu eit intervju og ring éin i klassen mens dei andre høyrer på)
  • personleg intervju (éin til éin, munnleg etter eit spørjeskjema. Alternativt kan de også sende skjemaet til alle i klassen på Facebook og be dei svare.)

For at alle i gruppa skal ha noko å gjere, kan éin person introdusere metoden, mens ein annan oppsummerer og kommenterer resultata.

Lykke til, og hugs: Det er mykje betre å dumme seg ut blant kjende på skulen enn i den første jobben dykkar!

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs