Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Intervjumetoden

Har du nokon gong blitt intervjua på gata? Dette er ein vanleg måte marknadsundersøkjarar hentar inn informasjon på. Metoden er billeg, rask og direkte.

Intervju. Foto.

Ei verdifull informasjonskjelde

Intervjuet er nok den metoden flest av oss kjenner til og har vore utsette for, anten vi har blitt stoppa på gata, ringt opp på telefon eller kontakta på Internett. Intervju kan gjennomførast munnleg, anten direkte eller over telefon, eller som skriftlege spørjeundersøkingar på papir eller digitalt. Kva for ein type intervju ei bedrift vel å bruke, er avhengig av kostnadsrammer, tidsrammer og kva slags type data ein skal hente inn.

Korleis lage gode intervjuspørsmål?

Ein intervjuar kan få veldig mykje verdifull informasjon ut av eit intervju dersom spørsmåla er riktig utforma. Med det meiner vi i denne samanhengen at spørsmåla er formulerte slik at vi faktisk får svar på det vi er ute etter å få vite. I tillegg må spørsmåla vere opne nok til at dei tillèt eit ærleg og oppriktig svar. Dei må ikkje vere utforma slik at vi så å seie legg svaret i munnen på intervjupersonen (såkalla leiande spørsmål). Sjå litt nærare på desse to spørsmåla:

Bilete av ei kvinne med hovudtelefonar og datamaskin.
Vi er nok ikkje alltid glade for å få telefon frå intervjuarar. Men kanskje slike intervju kan vere til nytte for begge partar, både bedrifter og forbrukarar? Bedriftene får vite kva kundane vil ha, og kundane får dei produkta dei ønskjer seg –forhåpentlegvis!
  1. «Er du einig i at barnearbeid er nødvendig når vi veit at mange familiar i utviklingsland er heilt avhengige av inntektene frå barna for å overleve?»
  2. «Synest du røykjarar bør betale meir i helseforsikring i og med at dei påfører seg sjølve helseskade?»

I begge tilfella er det nok langt lettare å svare «ja» enn «nei», ikkje nødvendigvis fordi vi er einige med den som spør, men på grunn av måten spørsmåla er formulerte på. Dei er ikkje nøytrale, men leiande – dei argumenterer for eit syn. Samtidig er intervjupersonen bondefanga: Dersom «ja» eller «nei» er dei einaste moglege svara, får ikkje intervjupersonen moglegheita til å nyansere og grunngi.

Når vi les og tolkar ei undersøking, er det alltid viktig at vi er kritiske til den som bestiller undersøkinga. Kan bestillaren moglegvis ha interesse av at intervjuobjekta svarer på den eine eller andre måten? Vi må også sjå nøye på dei konkrete spørsmåla i undersøkinga slik at vi kan vurdere om ho er seriøs og påliteleg.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs