SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eksperimentmetoden

Av og til må vi eksperimentere for å få informasjonen vi er ute etter. Eksperimentmetoden kan gi oss klare og ærlege svar, men han krev ein god del tilrettelegging og er relativt kostbar.

Gal forsker. Foto.

På jakt etter årsakssamband

Eit eksperiment er ein arrangert situasjon der undersøkjaren testar eit årsakssamband mellom to tilhøve. Desse tilhøva blir på fagspråket kalla for variablar, og vi kan derfor seie at vi i eit eksperiment ser på korleis éin variabel verkar inn på ein annan.

Vi kan til dømes undersøkje om ein auke i pris fører til større omsetning (ja, det hender faktisk!). Eller vi kan teste om meir sukker i brusen er det som skal til for at kundane skal kjøpe brusen vår i staden for konkurrentane sin. Du kjenner sikkert blindtestane til Coca-Cola? Her eksperimenterer dei med ulike Cola-produkt frå ulike produsentar og finn ut kva kundane føretrekkjer.

Også andre drikkevarer blir testa på liknande vis. Nedanfor ser du ein (reklame)omtale av energidrikken Shark, som her blir samanlikna med konkurrenten Red Bull. Kor truverdig testresultata er, kan nok diskuterast, særleg når vi ser kven som er avsendaren. Men videoklippet illustrerer iallfall resultata av eit eksperiment.

Bilete av ein krasj-test.
Nokon eksperiment er nok viktigare enn andre!

Ein kontrollert situasjon

Ein gjer vanlegvis eksperiment i eit slags laboratorium, slik at ein har full kontroll over situasjonen. Dei som står for testinga, kan invitere utvalde personar frå den aktuelle målgruppa, og all testing blir utført i svært kontrollerte former. Ulempa med denne framgangsmåten er at testpersonane mest sannsynleg opplever situasjonen som unaturleg. Dette kan føre til at dei ikkje reagerer slik dei elles ville ha gjort, noko som forringar verdien av resultata frå eksperimentet.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs