SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Observasjonsmetoden

Observasjon er ein metode som blir brukt når vi som marknadsførarar treng meir innsikt i eit marknadsføringsproblem. Kanskje avgjer vi at vi vil bruke tid på å observere før vi veit kva vi treng av marknadsinformasjon i neste steg. Slik kan observasjon vere ei undersøking før undersøkinga.

Nærbilde av ert øye. Foto

Søkjelys på åtferd

Det ligg i ordet kva observasjonsmetoden går ut på: Vi observerer åtferd hos forbrukarane. Til dømes kan vi ønskje å vite kva forbrukarane kjøper, kvar, når og kor ofte dei kjøper, kor mykje pengar dei bruker på eit kjøp, og så vidare.

Open og skjult observasjon

Vi skil mellom open og skjult observasjon, alt ut frå om deltakarane i undersøkinga veit at dei blir observerte eller ikkje. Det beste for undersøkinga er vanlegvis at deltakarane ikkje veit at dei blir observerte, for då er dataa som oftast meir pålitelege. Samtidig kan det representere eit etisk dilemma at menneske ikkje veit at dei er observerte, og at åtferda deira blir registrert og dratt nytte av.

Bilete av godteri.
Kva for nokre bedrifter kan ha størst interesse av å undersøkje fredagshandelen nordmenn gjer?

Dersom deltakarane er klare over at dei blir observerte, risikerer ein at dei endrar åtferd, og då har ikkje undersøkinga nokon verdi. Til dømes er det mange av oss som før helga kjøper inn brus, potetgull og godteri som vi har tenkt å kose oss med. Dersom vi veit at vi blir observerte, ville vi kanskje ha moderert oss for å framstå som sunnare enn det vi er. Kva trur du?

Filmklippet nedanfor har tittelen «Feromonernes magt». Feromon er duftstoff som også fungerer som signalstoff. Kjønnsferomon kan sørgje for at vi finn ein person tiltrekkjande. Men kan verknaden verkeleg vere så sterk som filmen viser? Sant eller ikkje: Filmen gir oss i alle fall eit døme på skjult observasjon (eller skjult kamera …).

Fordelar og ulemper ved metoden

Fordelen med observasjonsmetoden er at han gir oss veldig påliteleg informasjon. Vi kan stole på at det vi observerer, faktisk skjer, og vi kan tolke ting i augneblinken. Men observasjon er ein kostbar metode fordi det trengst nokon som observerer og tolkar. I tillegg kan informasjonen vi får, vere mindre påliteleg dersom observasjonsobjekta veit at de blir observerte. Observasjonsmetoden er også tidkrevjande, og det er ikkje alltid ein organisasjon har så mykje tid å avsjå eller kan ta seg råd til å bruke han.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs