Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Situasjonsanalyse og marknadsinformasjonChevronRight
  4. Marknadsinformasjonssystemet (MIS)ChevronRight
  5. Primære og sekundære datakjelderChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Primære og sekundære datakjelder

Ein organisasjon som skal gjennomføre ei marknadsundersøking, kan hente dataa sine frå ulike kjelder. Løysinga som bedrifta vel, har konsekvensar for kor nøyaktig undersøkinga blir, kor mykje ho kostar, og kor lang tid det vil ta. Men også enklare marknadsundersøkingar krev ein del ressursar.

Mann river seg i håret. Foto.

Primærdata

Når vi snakkar om datakjelder, skil vi mellom primærdata og sekundærdata. Ei bedrift kan velje å bruke den eine eller den andre typen – eller begge delar. Primærdata er data som blir samla inn for å gi svar på ein klart avgrensa og aktuell problemstilling. For å finne dei svara vi treng, går vi, fysisk eller digitalt, ut i felten og spør brukarane. Primærdata blir derfor også kalla feltdata, og vi seier at vi gjer ei feltundersøking når vi gjer ei primærundersøking.

Bilete av ein intervjusituasjon.
Intervjuet er ein arbeidsmetode som kan gi presise og utfyllande svar, men denne metoden er også tid- og kostnadskrevjande.

Tre metodar

Feltundersøkingar er nok det dei fleste har i tankane når dei snakkar om marknadsundersøkingar. Vi skil mellom tre måtar å hente inn informasjon på når vi gjer primærundersøkingar:

  • observasjon
  • eksperiment
  • intervju

Dei kan brukast kvar for seg eller saman for å få eit mest mogleg riktig bilete av verkelegheita.

Sekundærdata

Sekundærdata, eller «skrivebordsdata», er datakjelder som allereie eksisterer. Når vi søkjer i sekundære kjelder, seier vi også at vi gjer ei skrivebordsundersøking.

Bilete av ein gut med briller.
Det finst bedrifter som har spesialisert seg på å følgje med på marknadsutviklinga og selje denne informasjonen til bedrifter som har behov for han.

Sekundærdata kan vere marknadsundersøkingar som er gjennomførte tidlegare, i eige firma eller av andre bedrifter og organisasjonar. Denne typen informasjon kan vi finne i tidsskrifter og aviser, eller i offentlege register. Det finst både statlege og kommunale instansar og private bedrifter som lagar statistikkar og oversikter. The Nielsen Company er eit døme på eit internasjonalt konsern som har spesialisert seg på marknadsinformasjon. Bedrifta lagar forbrukarstatistikkar, rapporterer om trendar i samfunnet, utviklinga i marknaden og så vidare.

Startpunktet

Når bedrifter skal gjennomføre ei marknadsundersøking, vil dei som oftast starte med ei skrivebordsundersøking og sjå kor mykje informasjon det er mogleg å finne på denne måten. Dersom ein får dei svara ein treng, er det truleg ikkje nødvendig med ei feltundersøking. Marknadsundersøkingar er eit kostbart tiltak, derfor er det viktig å gjere søk i sekundære kjelder før ein går vidare.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs