Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Situasjonsanalyse og marknadsinformasjonChevronRight
  4. Marknadsinformasjonssystemet (MIS)ChevronRight
  5. MarknadsføringsleiingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsføringsleiing

Føremålet med å hente inn informasjon er å bruke han som grunnlag for gode avgjerder. Viss han berre blir registrert og så gløymd, er han til liten nytte – det blir som å skrive ein masse hugselappar som blir liggjande. Mange bedrifter er for lite flinke til å systematisere og utnytte informasjon.

Ansikt med Post-it-lapper. Foto.

Analyse

Bedrifter har mange informasjonskjelder som dei kan og bør bruke i planleggingsarbeidet sitt: tilsette og leiing, interne rapportar, leverandørar og distributørar, konkurrentar, styresmakter, marknadsundersøkingar og massemedium. Men først etter at all informasjonen er systematisert og analysert grundig slik at han blir forståeleg, er tida inne for å ta avgjerder.

Bilete av ei kjøtkvern.
Skal vi få ein karbonadedeig av første klasse, må råstoffa og omarbeidingsprosessen halde høg kvalitet! Det same kan vi seie om analyse- og avgjerdsprosessar: Skal vi klare å ta riktige avgjerder, må både dataa vi bruker, og måten vi omarbeider dei på, vere så gode som mogleg.

Avgjerder og gjennomføring

Marknadsføringsleiing handlar om å skape eit godt MIS, bruke informasjonen derfrå som grunnlag for overordna marknadsføringsavgjerder og deretter lage planar på strategisk og på taktisk nivå som er i samsvar med desse avgjerdene. Strategiske planar har ein tidshorisont på fem til ti år, medan ein taktisk plan, som marknadsplanen, vanlegvis har ein horisont på eitt til to år fram i tid. Marknadsplanen blir igjen støtta av ein aktivitetsplan som skildrar kva som skal skje i praksis, heilt ned til kvar enkelt aktivitet.

Bilete av ein kampanje for Brun og blid Solsenter.
Vindauge og fasadar kan brukast bevisst for å formidle ein salsbodskap!

Døme

Eit døme på ein slik konkret aktivitet kan vere ein kampanje for solkjeda Brun og Blid. Bedrifta vil kommunisere bodskapen at bruk av solarium i mørketida gir betre velvære, og tilbyr gratis sol visse dagar i året. Ein slik kampanje krev trykt materiell, reklamar på nett, i eteren og så vidare. Han strekkjer seg over ei bestemt tid og har eit bestemt budsjett. Når denne planen blir gjennomført, registrerer bedrifta om han verkar som han skal. Gjer han ikkje det, må ein justere undervegs eller i neste planleggingsrunde.

Nedanfor ser du døme på ein kampanje som er utarbeidd av Handelshøyskolen BI. Han skal kommunisere at BI kan gi deg den faglege tyngda du treng. Slike kampanjar er altså ein del av aktivitetsplanen som støttar marknadsplanen i ei verksemd.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs