1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Situasjonsanalyse og marknadsinformasjonChevronRight
  4. Marknadsinformasjonssystemet (MIS)ChevronRight
  5. Den interne delen av MISChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den interne delen av MIS

Den interne delen av MIS tek føre seg all informasjon om tilhøve i bedrifta som er relevant for planlegginga av marknadsføringa. Som med ekstern informasjon kan også den interne informasjonen vere atomisert og usamanhengjande, og bitane gir ikkje fullgod meining før dei er sette saman og tolka.

En medarbeider med grønn ballong svever over sine kollegar. Illustrasjon.

Fire delar

Den interne delen av MIS omfattar fire område (også kalla plattformer):

  • tilsette og leiing (kva personane i bedrifta veit og kan)
  • interne rapportar og lister
  • marknadsovervaking
  • marknadsundersøkingar

Tilsette og leiing

Alle tilsette i bedrifta har kunnskap som er relevant for dei som lagar planar og tek avgjerder i bedrifta. Denne kunnskapen bør derfor setjast i system slik at han kan komme til nytte i planleggingsarbeidet. Til dømes treng planleggjarane å vite kvar kompetansen på ulike område er plassert i bedrifta, kva som er produksjonskapasiteten, og så vidare.

Bilete av svinn: Mat som blir kasta i søpla.
Grundig planlegging gjer det lettare å unngå for mykje svinn.

Interne rapportar

Data om innkjøp, bestillingar, utgifter, lagerbehaldning, svinn og så vidare gir oss viktig informasjon som bør systematiserast slik at bedrifta kan dra nytte av han. Til dømes kan ein rask kikk på lagerlister vere nok til å sjå om ein må bestille meir eller mindre av ei spesiell vare som trengst i produksjonen. Tilsvarande vil det vere nyttig for ei restaurantbedrift å samle informasjon om svinn av råvarer for å sjå kor langt ein kan effektivisere og redusere utgifter. Noko anna som kan leggjast inn i eit MIS, er ris og ros frå kundar. Dersom denne informasjonen berre blir liggjande hos ulike enkeltpersonar, er han til liten nytte, men viss han blir systematisert, vil ein lett sjå kva kundane meiner bedrifta er god eller dårleg på.

Marknadsovervaking

Å overvake ein marknad betyr å følgje med i media og systematisere denne informasjonen slik at vi kan danne oss eit bilete av marknaden. Vi kan til dømes oppdage at marknaden er i ferd med å bli mindre eller større, at prisane stig eller blir lågare, at målgruppa endrar seg, eller at teknologien bedrifta bruker, snart vil vere avleggs.

Til dømes er ekstremvêret som vi har opplevd dei siste åra, med på å skape ein langt større marknad for å rydde tre som har blåse ned, setje opp tele- og straumkablar og reparere vegar enn for berre ti år sidan. Informasjon om denne utviklinga får vi mellom anna via nyheiter, frå fagmiljø og på klimakonferansar.

Bilete av Kodak Kodachrome.
Visste du at Kodak er eit reint fantasinamn? Grunnleggjaren av konsernet, George Eastman, fann på namnet fordi det var lett å uttale på alle språk. (Kvifor trur du dette var viktig for han?)

Tenk også kor viktig det er for bedrifter å følgje med på den teknologiske utviklinga slik at dei heng med i produktutviklinga og klarer å lage interessante produkt! Rundt år 2000 forsvann marknaden for filmrullar så å seie over natta – dei nye digitale kameraa tok omtrent heile marknaden. Kodak, eitt av dei største firmaa i denne marknaden, feilvurderte tempoet i utviklinga og blei hengjande etter konkurrentane sine, som hadde satsa på å utvikle ny teknologi langt tidlegare. Dette kunne Kodak kanskje ha unngått dersom dei hadde hatt eit betre MIS med omsyn til marknadsovervaking.

Marknadsundersøkingar

Når ei bedrift ikkje veit nok om kva preferansar og haldningar kundane har, kan ho velje å spørje kundane direkte. Slike marknadsundersøkingar kan gjerast på mange måtar og er vanlegvis eit ganske omfattande og kostbart tiltak. Likevel er det nok endå meir kostbart å la vere å bruke dette verktøyet, for då risikerer ein å planleggje marknadsføringa si på sviktande grunnlag.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs