1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Situasjonsanalyse og marknadsinformasjonChevronRight
  4. Marknadsinformasjonssystemet (MIS)ChevronRight
  5. Den eksterne delen av MISChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den eksterne delen av MIS

Den eksterne delen av eit marknadsinformasjonssystem (MIS) behandlar all informasjon som er utanfor organisasjonen. Denne er ofte usamanhengande og tilfeldig og må systematiserast. Det er nødvendig for ei bedrift å ha god oversikt over eksterne arbeidsvilkår for å unngå ubehagelege overraskingar!

To forretningsfolk er i ferd med å få en asteroide i hodet. Illustrasjon

Fire område

Den eksterne delen av eit marknadsinformasjonssystem søkjer og omarbeider informasjon frå fire ulike område:

  • informasjon om leverandørar og distributørar
  • informasjon om kundar og målgrupper, inkludert preferansane deira
  • informasjon om konkurrentar og marknadsføringsstrategiane deira
  • informasjon om det offentlige (stat og kommune) og samfunnet vi lever i
Bilde av en DHL-varebil.
Dei fleste bedrifter er heilt avhengige av pålitelege og stabile leverandørar og distributørar. Derfor er det nødvendig å velje desse samarbeidspartnarane med omhug.

Leverandørar og distributørar

Dersom vi skal velje leverandørar og distributørar for bedrifta vår, kan det vere interessant og relevant å skaffe seg informasjon om følgjande:

  • Kva prisnivå har leverandøren eller distributøren lagt seg på?
  • Er bedrifta økonomisk solid?
  • Kva for nokre geografiske område dekkjer bedrifta?
  • Kor høgt skårar bedrifta på fagleg kompetanse?
  • Arbeider bedrifta også for konkurrentane våre?
Bilde av en kunde som handler klær.
Denne kunden er ikkje oppteken av pris, men av kvalitet når ho handlar klede. Korleis kan ei bedrift gå fram for å få tak i denne viktige informasjonen om kunden?

Kundar

Vi ønskjer all mogleg informasjon om kundane våre slik at vi kan lage dei produkta dei ønskjer seg, og komme fram til en treffsikker marknadsføringsstrategi. Informasjon om kundar kan til dømes vere demografiske data, som alder, inntekt og utdanning. Psykografiske data, som preferansar, handlemønster og så vidare, er også veldig viktig å kjenne til dersom vi skal marknadsføre effektivt. Informasjon om kundane får vi både gjennom primærdata (eigne marknadsundersøkingar) og sekundærdata (statistikkar og tidlegare undersøkingar).

En tynn liten mann står mellom to menn med store muskler. Foto.
Sportssenterkjedene følgjer godt med på kvarandre. Så snart éin av dei kjem med ein ny type trening, vil også dei andre raskt tilby det same konseptet.

Konkurrentar

Som marknadsførarar er vi heilt nøydde til å vite kva konkurrentane våre gjer: kor sterke dei er, kva slags produkt dei utviklar, kva slags marknadsføring dei planlegg, og så bortetter. Vi kan søkje informasjon om konkurrentane våre i ulike offentlege register, til dømes Brønnøysundregistra. Vi kan også skaffe oss informasjon om ein konkurrent ved å spørje kundar, leverandørar og andre medkonkurrentar. Og, ikkje minst, vi må sjølv sjå kva konkurrentane våre gjer når dei opererer offentleg.

Det offentlege og samfunnet

Det er mange tilhøve i samfunnet vårt som kan påverke ei bedrift: Alt frå ekstremvêr og økonomiske opp- og nedgangstider til nye skattar og avgifter eller nye politiske tilhøve kan krevje at verksemda endrar strategi. Bedrifter og organisasjonar må derfor halde seg oppdaterte om det som skjer i samfunnet rundt dei, og syte for å vere førebudde når endringane kjem.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs