1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Situasjonsanalyse og marknadsinformasjonChevronRight
  4. Marknadsinformasjonssystemet (MIS)ChevronRight
  5. Marknadsinformasjonssystemet - MISChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsinformasjonssystemet - MIS

Eit marknadsinformasjonssystem, på engelsk Marketing Information System (MIS), er eit verktøy for å omarbeide informasjon i ei bedrift. Gjennom dette systemet kan bedrifta samle, tolke, vurdere og distribuere nøyaktig den informasjonen som avgjerdstakarane har bruk for.

Kvinne med tankeboble. Illustrasjon.

Kva er eit MIS?

Eit marknadsinformasjonssystem (MIS) kan definerast som «menneske, utstyr og metodar som medverkar til å samle inn, sortere, analysere, evaluere og distribuere nødvendig og eksakt informasjon til rett tid for marknadsføringsleiarane».[1] Litt enklare kan vi seie at eit MIS er eit system for å samle informasjon om arbeidsvilkåra bedrifter har, slik at ein kan lage gode og treffsikre marknadsstrategiar. Bedrifter med eit godt marknadsinformasjonssystem vil ofte lykkast betre med å planleggje, gjennomføre og kontrollere marknadsføringstiltaka sine.

Kvifor treng bedrifter eit MIS?

Dei siste tiåra har informasjonsbehovet for bedrifter blitt svært mykje større, og eit velfungerande marknadsinformasjonssystem er derfor viktigare enn nokon gong. Kvifor har vi fått eit større behov for informasjon? Her er nokre av årsakene:

Bilete av ei kvinne som held ein liten globus i hendene.
Mange bedrifter har i dag kundar over heile verda. Då er det viktig å vere klar over ulikskapane i kundemassen. Men samtidig blir kundar verda over også meir like kvarandre– ei følgje av globaliseringa.
  • Frå nasjonal til internasjonal marknadsføring
    Kundane finst ikkje lenger berre i Noreg, men over heile verda. Kunnskapen om dei er derfor mindre, og behovet for informasjon er større.
  • Frå behov til ønske
    Etter kvart som inntekta til den gjennomsnittlege kunden aukar, blir han òg meir og meir selektiv i vala han gjer. Då blir det vanskelegare for marknadsførarar å spå kva ønske kunden har, og derfor blir informasjonsbehovet større.
  • Frå konkurranse på pris til konkurranse på andre kriterium
    Det kjem stadig nye merkevarer på marknaden, og stadig fleire produkt er skreddarsydde for enkelte kundegrupper. Dersom ei bedrift skal lykkast med marknadsføringa si i dag, treng ho informasjon om kva individuelle preferansar kundane har. I tillegg må bedrifta ha god oversikt over bruken av marknadsføringsverktøya sine.

Eit moderne MIS

Teikninga under viser dei ulike delane som eit moderne marknadsinformasjonssystem (MIS) består av, og der kjem rekkjefølgja av prosessane fram – frå informasjonsinnhenting til analyse og planlegging og vidare til gjennomføring.

Flytdiagram som illustrerer marknadsinformasjonssystemet.
  1. 1«Marketing information system». . Wikipedia. 2009.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs