Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skriftleg intervju

Skriftlege intervju har tradisjonelt vore nokså lange spørjeskjema som blei sende i posten. I dag kan respondentane svare skriftleg også i andre medium, til dømes via mobiltelefonen sin.

Ung jente med mobiltelefon sender SMS. Foto.

Postalt intervju

Ein organisasjon kan sende ut spørjeskjema i posten og leggje ved ein ferdig frankert svarkonvolutt, slik at det blir lettvint for respondenten å sende tilbake det ferdig utfylte skjemaet. Spørjeskjema har ein streng struktur, og rekkjefølgja på spørsmåla er nøye gjennomtenkt. Som oftast blir respondenten beden om å krysse av for eitt eller fleire føreslåtte svaralternativ, men også i spørjeskjema kan ein stille spørsmål som tillèt meir opne og nyanserte svar.

Bilete av frmsida på et spørjeskjema om diskriminering blant norske utelivstilsette, utgitt av Senter mot etnisk diskriminering.
Spørjeskjema kan brukast på mange måtar. Her er eit døme der Senter mot etnisk diskriminering vil kartleggje diskriminering på restaurantar og andre utestader. Våpenet i kampen er enkelt – gjestene blir bedne om å sende inn eit postkort som er tilgjengeleg på utestadene, med teksten «Whites only» på den eine sida og eit spørjeskjema på den andre.

Fordelar

Fordelen med postale intervju er at det er lett å nå målgruppa ved å sende brev. Spørjeskjema er dessutan ein lite kostnadskrevjande måte å intervjue på. Skriftlege situasjonar blir tradisjonelt også oppfatta som seriøse og formelle, kanskje fordi mange offentlege instansar og forskingsinstitusjonar hentar inn kunnskap ved hjelp av spørjeskjema.

Ulemper

På den andre sida risikerer ein at svarprosenten blir låg, for mange som mottek eit spørjeskjema i posten, orkar eller gidd ikkje å bruke tid på å fylle det ut og postleggje det. I tillegg veit ein jo ikkje kven som faktisk har svart på spørsmåla, og om svara stemmer med verkelegheita.

Døme

22. juli-kommisjonen er ei uavhengig gruppe som blei oppretta for å gå gjennom terrorangrepa på Regjeringskvartalet og Utøya den 22. juli 2011. Kommisjonen skulle også føreslå nødvendige tiltak for ein betre framtidig beredskap. Undervegs i prosessen ønskte kommisjonen å gi alle som var råka av terrorhandlingane, høve til å komme med innspel. Dette blei gjort ved å gjennomføre ei skriftleg spørjeundersøking – eit opplagt val fordi denne typen undersøking blir oppfatta som formell og seriøs og passa derfor til dei alvorlege hendingane undersøkinga handla om.

Bilde av 22. juli-kommisjonens leder, Alexandra Bech Gjørv, med et spørreskjema rettet mot alle berørte av terrorhandlingene.
Alexandra Bech Gjørv, leiaren for 22. juli-kommisjonen. Kommisjonen la fram rapporten sin den 13. august 2012.

Medieintervju

Eit medieintervju er eit kort, skriftleg intervju som blir gjennomført via sms eller sosiale medium. Her er det heilt klart avgrensa kor mange spørsmål som kan stillast, fordi respondentane neppe er villige til å bruke mykje tid på å svare. Avsendaren veit heller ikkje kven som svarer, eller kor oppriktige svara eigentleg er. På den andre sida har denne typen intervju den fordelen at intervjumetoden er svært rimeleg, og at svara kjem inn av seg sjølve og blir tolka automatisk.

Læringsressursar

Marknadsinformasjonssystemet (MIS)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs