1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Situasjonsanalyse og marknadsinformasjonChevronRight
  4. SituasjonsanalysenChevronRight
  5. Blogg i veg!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Blogg i veg!

Piktogram for bloggoppgave

Bloggnotat

Hugsar du å oppdatere bloggen din? Skriv inn litt kvar veke, slik at bloggen er innhaldsrik og heile tida oppdatert ut frå kor langt de er komne med fagstoffet.

(Har du ikkje skrive bloggoppgåver tidlegare, kan du til dømes bruke Blogger for å opprette ein fagblogg.)

Videoblogg om situasjonsanalysen

Denne gongen kan du gjere ein vri: Lag ein videoblogg! Du kjenner sikkert til mange meir eller mindre seriøse videobloggar. Sidan dette er ein fagblogg, kan du med fordel prøve å gjere han litt seriøs. Det betyr likevel ikkje at du må velje bort humor, situasjonar som er sette på spissen, språklege spissformuleringar eller andre verkemiddel du ønskjer å bruke for å få fram bodskapen din. Tvert imot kan det hende at det er nettopp det som skal til for at du hugsar stoffet seinare.

Du kan lage videoen enkelt ved å ta opp med ein mobiltelefon, laste han ned på pc-en din og leggje han inn som lenkje i bloggen. Dersom du har eit videoredigeringsprogram, kan du bruke det. Viss ikkje kan du ta så mange videoar som skal til for at du blir fornøgd med resultatet.

Og eit tips: Lag eit godt manus før du filmar!

Dersom du synest videoblogging blir litt vanskeleg, skriv du vidare på bloggen din på vanleg måte. Prøv å gi døme på kva interne og eksterne faktorar kan vere i ulike bransjar. Blogginga di blir nyttig for både deg sjølv og lesarane dine når du bruker levande og gode døme.

Læringsressursar

Situasjonsanalysen

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs