Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Situasjonsanalyse og marknadsinformasjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Situasjonsanalyse og marknadsinformasjon

For situasjonsanalyse og marknadsinformasjon finst data overalt. Men skal vi bruke det som underlag for å ta avgjerder, må vi tolke og setje dataa saman til eit større bilete.

Dunge med gule legoklosser. Foto.

Når klossane ligg hulter til bulter, kan ein vanskeleg sjå føre seg at dei saman kan danne ein strukturert heilskap. Likevel veit du at dersom du set saman klossane til mindre einingar og deretter desse saman til litt større einingar, kan du lage dei mest imponerande konstruksjonar. Slik er det også med marknadsinformasjon: Det finst data overalt, men vi må setje dei saman til eit større bilete dersom vi skal bruke det som underlag til å ta avgjerder. Dette skal du lære om i emnet Situasjonsanalyse og marknadsinformasjon.

Kartlegging og analyse av dei interne og eksterne arbeidsvilkåra i organiasjonar står sentralt i emnet. Det er også viktig å kjenne til både metodar for informasjonsinnhenting og kjeldebruk og kjeldekritikk.

Emner

Situasjonsanalyse og marknadsinformasjon

  • Skaff deg eit oppdatert og korrekt bilete av omgivnadene dine. Du må sjå både på interne tilhøve i bedrifta og på det som skjer utanfor verksemda.

  • Eit MIS sorterer interne og eksterne data og gjer det mogleg å omarbeide data slik at informasjonen kan brukast til å planleggje marknadsføring.