Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Undervisingsopplegg for lærarChevronRight
AssessmentResourceVurderingsressurs

Vurderingsressurs

Undervisingsopplegg for lærar

P for plass

Her er eit forslag til korleis du som lærar kan bruke fagstoffet og oppgåvene i emnet P for plass. Hensikta er at elevane skal få arbeide med stoffet på ein aktiv og variert måte, og at dei får teke alle sansane i bruk.

Veke Førelesing Oppgåver
1

Når de skal starte på det nye temaet, kan du bruke lysbiletserien. Lag summegrupper og løys oppgåvene i lysbiletserien etter kvart, slik at de varierer mellom førelesing og diskusjon.

Gjer oppgåvene i Nyheitsdrypp for å forsterke koplinga til verkelege bedrifter og saker.

La elevane gjere quizoppgåva P for plass: Test deg sjølv! individuelt.

La elevane jobbe i grupper med oppgåva Lær med digital tavle!. Presenter resultata for klassen.

La elevane skrive blogg, anten ved å finne sine eigne tema eller ved å skrive om eit tema frå Sett på spissen-oppgåva.

2 Gjer oppgåva Sett på spissen for å komme inn i stoffet igjen. Syt for å kaste lys over fleire sider av saka ved å gi elevane ulike synspunkt dei skal forsvare – uansett kor einige eller ueinige dei er i utgangspunktet.

Elevane bør halde fram på Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift! i dei same gruppene som de har hatt heile skuleåret.

Vel ut nokre grupper som får presentere Munnleg oppgåve: Følg ei bedrift!.

La elevane gjere repetisjonsoppgåva i På an igjen! i par.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs