Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Kjenneteikn på måloppnåingChevronRight
AssessmentResourceVurderingsressurs

Eigenvurdering

Kjenneteikn på måloppnåing

Lærestoffet i emnet P for plass byggjer på desse kompetansemåla i læreplanen for marknadsføring og leiing 1:

  • «Eleven skal kunne gjere greie for ulike former for distribusjon og dei funksjonane dei ulike aktørane har i ein distribusjonskanal.»
  • «Eleven skal kunne klargjere ulike former for kjedesamarbeid.»

Set deg grundig inn i punkta, slik at du kan jobbe målretta med stoffet og kan sjå kor langt du er kommen i arbeidet med emnet etter kvart.

Karakteren 1–2
Låg måloppnåing
Karakteren 3–4
Middels måloppnåing
Karakteren 5–6
Høg måloppnåing
  • Du kan i grove trekk forklare kva som er meint med distribusjon i marknadsføringssamanheng.
  • Du kan forklare nokre av omgrepa som blir presenterte i kapittelet P for plass.
  • Du kan gi eitt eller to døme på strategiske val knytte til distribusjon.
  • Du kan nemne enkelte fordelar og ulemper når du får konkrete spørsmål om direkte og indirekte distribusjon, distribusjonsgrad og val av distribusjonskanalar.
  • Du kan nemne døme på horisontal og vertikal integrasjon.
  • Du kan seie litt om kva som kjenneteiknar dei ulike typane kjedesamarbeid.
  • Du kan forklare kva som er meint med distribusjon i marknadsføringssamanheng.
  • Du kan forklare dei fleste omgrepa som blir presenterte i kapittelet P for plass.
  • Du kan gi døme på nokre strategiske val som gjeld distribusjon. Du kan også trekkje inn aktuelle saker frå media.
  • Du kan nemne nokre fordelar og ulemper ved strategiske avgjerder som direkte og indirekte distribusjon, distribusjonsgrad og val av distribusjonskanalar.
  • Du kan forklare kva horisontal og vertikal integrasjon er, og du kan komme med døme på dei.
  • Du kan gjere greie for dei ulike typane kjedesamarbeid.
  • Du forklarer på sjølvstendig vis kva som er meint med distribusjon i marknadsføringssamanheng, og du veit kva for strategiske avgjerder ei bedrift må ta på dette området.
  • Du kan forklare alle fagomgrepa som blir presenterte i kapittelet P for plass.
  • Du kan gi døme på dei ulike strategiske vala som gjeld distribusjon, som val av direkte eller indirekte distribusjon, val av distribusjonsgrad og val av distribusjonskanalar. Du kan også trekkje inn aktuelle saker frå media.
  • Du kan reflektere rundt konsekvensane av ulike strategiske val og vurdere kva for nokre val som er best i ein gitt situasjon.
  • Du kan forklare kva horisontal og vertikal integrasjon er. Du kan også gi døme på begge delar, og du kan forklare kvifor og korleis integrasjon skjer.
  • Du gjer greie for dei ulike typane kjedesamarbeid på ein grundig måte, og du skjønar kvifor og korleis dette kan vere gode samarbeidsformer.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs