Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. På an igjen!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

På an igjen!

Faktasjekk

Har du fått med deg stoffet som er gjennomgått i emnet P for plass? Svar på spørsmåla og sjekk! Prøv å svare med eigne ord, og bruk døme frå verkelege bedrifter for å gjere stoffet relevant og aktuelt – då blir det lettare å hugse!

Repetisjonsspørsmål

  • Kva handlar plass om i marknadsføringssamanheng?
  • Kva for nokre avgjerder sorterer vi under omgrepet distribusjonsavgjerder?
  • Kva er ein distribusjonskanal?
  • Kva meiner vi med direkte og indirekte distribusjon?
  • Kva er fordelane og ulempene ved å bruke direkte eller indirekte distribusjon?
  • Forklar kva kanalmedlemmene grossistar, detaljistar, agentar og kommisjonærar gjer. Gi døme på slike kanalmedlemmer.
  • Kva for nokre ulike distribusjonsgrader har vi, og kva for produkt passar typisk for kvar grad?
  • Forklar korleis samanhengen mellom p-ane er for produktet Tine mjølk.
  • Kva for nokre basisfunksjonar er noko dei aller fleste butikkar har, og kvifor kan det lønne seg å dele på slike basisfunksjonar gjennom eit kjedesamarbeid?
  • Kva former for kjedesamarbeid har vi?
  • Kva er fordelane og ulempene med dei ulike typane kjedesamarbeid?
  • Kva meiner vi med stordriftsfordelar? Forklar.
  • Kva er horisontal og vertikal integrasjon? Gi døme.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs