Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Munnleg oppgåve: Følg ei bedrift!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Munnleg oppgåve: Følg ei bedrift!

Piktogram for muntlig oppgave.

Munnleg presentasjon

No skal de presentere funna frå den skriftlege oppgåva munnleg for resten av klassen, og som vanleg skal de bruke lysarka frå skriftleg oppgåve som støtte. Det er viktig at de veit at lysarka fungerer som dei skal, til dømes at eventuelle filmar de har lagt inn, blir spelte av som planlagt. Gå derfor gjennom presentasjonen grundig før de presenterer!

Presenter distribusjonsstrategien til bedrifta

Hensikta med munnleg oppgåve er at de skal øve på å presentere høgt framfor eit publikum. Dette er noko de vil få bruk for heile livet, nesten uansett kva for ein jobb de vel å ta.

Ver derfor litt utprøvande no – det er betre å gjere eventuelle nybyrjartabbar på skulen enn i din første jobb!

  • Syt for at alle presenterer noko.
  • Still deg synleg framfor klassen når du presenterer. Sjå på publikum, ikkje på lerretet bak deg, og hald kontakten med dei du snakkar til.
  • Ha ein fysisk haldning som hjelper deg når du skal presentere: Stå med beina i hoftebrei avstand, opne brystet slik at du får luft, og ha låge skuldrer. Då kan du slappe av!
  • Sjå på tilhøyrarane, finn gjerne eit vennleg ansikt som gir deg energi.
  • Send ut den energien du ønskjer å få tilbake! Det vil seie: Dersom du er engasjert og tydeleg viser at du er interessert, vil også tilhøyrarane dine vere det. Du vil få ein liknande parallell effekt om det ser ut som du kjedar deg …
  • Legg bort ting som tek oppmerksemda frå deg, til dømes pennar og papir.
  • Øv på manuset ditt, slik at du kan snakke utan å sjå på det når du presenterer.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs