Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Skriftleg oppgåve: Følg ei bedrift!

Piktogram for skriftlig oppgave.

Dømet frå verkelegheita!

Gå tilbake i gruppene de har jobba i sidan byrjinga av skuleåret. Denne gongen skal de sjå nærare på korleis bedrifta de følgjer, har valt å løyse distribusjonsspørsmåla.

Distribusjonsstrategien til bedrifta

Prøv å finne ut korleis bedrifta dykkar har valt å løyse følgjande:

  • Bruker bedrifta dykkar direkte eller indirekte distribusjon?
  • Kor mange kanalmedlemmer er det i distribusjonskjeda til bedrifta?
  • Forklar kva alle kanalmedlemmene i distribusjonsprosessen gjer, og kva funksjon kvar av dei har.
  • Er bedrifta dykkar med i eit slags kjedesamarbeid? I så fall kva for ein type?
  • Kva for nokre fordelar og ulemper er det for dykkar bedrift å vere med i denne forma for kjedesamarbeid?
  • Kva slags distribusjonsstrategi har bedrifta dykkar valt – intensiv, selektiv eller ekslusiv? Synest de dette er ei god avgjerd?

Lag lysark der de gjer greie for desse punkta. Det er ikkje sikkert alle spørsmåla er relevante for bedrifta dykkar, og då treng de ikkje ta dei med. Kanskje er det noko anna de synest er viktigare å ha med for å gi eit godt bilete av distribusjonsstrategien og avgjerdene til bedrifta dykkar?

Bruk nokre få punkt på kvart lysark, og suppler med gode bilete og illustrasjonar. Det er også lov til å leggje inn filmar i lysarkpresentasjonen, det gjer ofte at han blir meir variert.

Lykke til!

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs