Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Sett på spissenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåver og aktivitetar

Sett på spissen

Logo for diskusjonsoppgave

Spørsmål til debatt

Her har du nokre utsegner du kan diskutere med den du sit attmed, eller de kan diskutere i klassen. Hugs at det er lov å meine «ekstreme» ting. Det kan vere ei fin øving å setje ting på spissen for å få brukt ord og omgrep i ein fagleg aktuell samanheng. Dette vil du ha stor nytte av både på prøvar og til eksamen.

Distribusjon til kvar ein pris?

  • «Uansett kvar ein butikk ligg, vil alltid dei riktige kundane finne fram til han og bruke han. Distribusjon i geografisk tyding har derfor eit overdrive fokus.»
  • «Distribusjon gjer marknadsføring til ein miljøsyndar.» Kva slags påverknad har distribusjon nasjonalt og globalt? Diskuter kva vi kan gjere for å minimere miljøpåverknaden. Kan distribusjon bli berekraftig?
  • «Graden av distribusjon har mindre å seie enn vi vil ha det til. Sjølv om Ferrari hadde vore selt på kvart gatehjørne, vil han halde fram med å ha den same eksklusive posisjonen på grunn av den høge prisen.»

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs