Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Adhoc-alliansarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Adhoc-alliansar

Det latinske omgrepet ad hoc betyr «til dette (formålet)». Vi bruker det om noko vi gjer éin gong eller i eit spesielt tilfelle. Bestiller vi til dømes ei reise, blir det oppretta ein adhoc-allianse av leverandørar: fly- og busselskap, hotellkjeder, kortselskap; alle bidreg til «reisepakken» vår.

Salgskonsulenter ved Apollo reisebyrå. Foto.

Ei utbreidd samarbeidsform

Vi tenkjer kanskje ikkje så mykje over det, men adhoc-alliansar i marknadsføringssamanheng er noko vi faktisk nyttar oss av stadig vekk – kvar gong fleire aktørar må samarbeide om å levere eit samansett produkt som vi etterspør. Dersom vi til dømes skal leggje nytt golv med fliser og varmekablar på badet, krev dette ofte ein adhoc-allianse av leverandørar:

Bilete av ein røyrleggjar i arbeid.
Å lage eit baderom er eit større prosjekt som krev eit samarbeid mellom fleire aktørar. Elektrikar, røyrleggjar, murar og flisleggjar samarbeider om produktet, men når jobben er gjort, blir adhoc-alliansen mellom dei oppløyst.
  • Muraren støyper inn varmekablane i golvet.
  • Flisleggjaren legg flisene.
  • Elektrikaren må sjå til at straumførande kablar er riktig og godt nok monterte.
  • Ein røyrleggjar sørgjer for at sluket fungerer, og at røyropplegget i golvet er riktig dimensjonert.

Desse tenesteytarane treng ikkje vere knytte til kvarandre frå før, men dersom vi kontaktar ein flisleggjar, vil han eller ho kunne kalle saman resten av ekspertane, slik at dei får levert produktet på ein forskriftsmessig måte.

Tilsvarande alliansar skjer kvar gong du bestiller ei reise: ein turoperatør, eit reisebyrå, eit kredittkortselskap, eit leigebilfirma og eit hotell går saman for å tilby deg akkurat det produktet du vil ha. Etter at produktet er levert, går dei frå kvarandre igjen.

Sjå filmklippet frå Star Tour: Kor mange leverandørar trur du eigentleg må til for å levere eit slikt produkt? Du kan også sjå på Reiseplaneten og FINN.no for å få eit inntrykk av kor mange leverandørar som jobbar saman for å lage éi enkelt reise.

Bilete av ein turist ved eit symjebasseng.
Det er mange som samarbeider for å sørgje for at sommarferien vår blir vellykka!

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs