Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Franchise-kjederChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Franchise-kjeder

7-Eleven-storkioskane er ei amerikansk kjede som er organisert etter franchiseprinsippet, som betyr at franchise-givaren, eigaren av namnet og produktet 7-Eleven, gir ein annan tillating til å opne sin eigen 7-Eleven-butikk. Denne har sjølvstendig ansvar for dagleg drift og økonomisk resultat.

7-Eleven skilt. Foto.

Starthjelp og stordriftsfordelar

Franchisegivaren bidreg ofte med langt meir enn berre sjølve retten til å bruke eit innarbeidd merke, til dømes opplæring og anna hjelp til å komme i gang. Dessutan nyt franchisetakaren vanlegvis godt av ei rekkje felles tenester når det gjeld marknadsføring, administrasjon og innkjøp. Med andre ord: Franchisebutikken får stordriftsfordelar. Gå inn på nettsidene til 7-Eleven! Under fana «Jobb i 7-Eleven» finn du interessant informasjon om franchisingsystemet deira.[1]

Bilde av en McDonald's restuarant. foto.
McDonald's er ei internasjonal franchisekjede som har mange restaurantar i Noreg. Kva er likt med alle McDonald's-restaurantar?

Ufråvikelege rammer

Frå utsida ser ein franchiseorganisasjon ut som ei gruppe bedrifter som tilbyr varene og tenestene sine under eit felles merke og med uniformerte utsal, ein felles profil og eit nokså likt sortiment. Alle franchisetakarane forpliktar seg til å godta dei rammene som franchisegivaren set for drifta.

Royalty

Vanlegvis betaler franchisetakaren ei eingongsavgift for retten til å delta i franchisesamarbeidet. I tillegg kjem ein viss prosent av den månadlege omsetninga – såkalla royalty.

  1. 1«Samarbeidsformer». Kjetil Sander. Kunnskapssenteret.com. 2004.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs