Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. FilialkjederChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Filialkjeder

Når vi snakkar om filialar, tenkjer vi stort sett på «miniatyrutgåver» av ei sentral eining, som til dømes bankfilialar. Både bankar og Posten har tradisjonelt hatt filialar dei fleste stadene rundt om i landet.

Postfilial på Finse. Foto.
I dag har Posten delvis erstatta filialane med tilbodet Post i butikk – mellom anna på Finse, det høgaste punktet på Bergensbanen, 1222 meter over havet.

Same eigar

Filialkjeder er butikkar eller einingar med same eigar. Selskapet, eller «sentralen», eig den lokale eininga, investerer det som er nødvendig for å starte drift, og tilset dei personane som skal drive på kvar stad. Eigaren har både kontroll over og ansvar for heile drifta.

Same fellespreg mot omverda

Filialbutikkar har vanlegvis nokolunde same vareutval og fellespreg mot omverda. DNB er eit godt døme på eit filialføretak: DNB-filialane har nokså lik utsjånad, dei tilbyr dei same produkta og tenestene, og dei tilsette har den same kompetansen.

SATSELIXIA er også ein type filialføretak, sjølv om vi kallar det ei treningssenter-kjede. Alle sentera tilbyr omtrent dei same treningsprodukta, instruktørane har den same utdanninga, sentera har lik prispolitikk, og dei nyt godt av felles marknadsføring.

Fordelar og ulemper

Fordelane ved denne typen samarbeid er først og fremst av økonomisk karakter. For det første oppnår ein betre innkjøpsvilkår når ein gjer bestillingar samla. I tillegg kan varene omsettast raskare i ei kjede enn hos ein enkeltståande detaljist. Ulempene er her dei same som ved andre typar kjeder: Filialane må rette seg etter avgjerder som blir tekne på eit høgare nivå, og dei enkelte butikkane har mindre å seie.

Kven opprettar filialkjeder?

Logoen til Nordea bank. Foto.
Dei store bankane har tradisjonelt hatt mange filialar over heile landet, men no blir det stadig færre av dei. Kva er årsaka, trur du?

Filialkjeder kan oppstå av ulike grunnar. Posten og bankane oppretta filialar over heile landet fordi det var behov for å levere tenester der brukarane budde. Nokon bankar hadde til og med bankbussar som køyrde ut til folk som budde i meir grisgrendte strok! (Sjå gjerne NRK-reportasjen Siste dag med bankbuss!)

Det kan også vere at ein produsent ønskjer større kontroll nedover i distribusjonskanalen, og opprettar eigne utsal. Og det hender at ein grossist startar si eiga kjede, eller at detaljistar kjøper opp eller opprettar nye forretningar under felles leiing.[1]

  1. 1«Samarbeidsformer». Kjetil Sander. Kunnskapssenteret.com. 2004.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs