Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Frivillige kjederChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Frivillige kjeder

Frivillige kjeder er kjeder der sjølvstendige butikkar av same sort inngår samarbeid under eit felles namn for å få stordriftsfordelar. Dei dreg nytte av fellestenester ved å betale ein sum til felleskassen. Som motyting får dei hjelp til innkjøp, marknadsføring, juridisk assistanse og så bortetter.

Ditt Apotek er eit døme på ei frivillig kjede som består av private apotek som har valt å samarbeide. Videoklippet nedanfor viser ein reklamefilm for kjeda.

Eit anna døme på ei frivillig kjede er Skoringen. Denne kjeda består av 180 forskjellige skobutikkar fordelte over heile landet.

Moglege ulemper ved kjedesamarbeid

Vei. Foto.
Den som er med i eit kjedesamarbeid, må også følgje den vegen og strategien som fleirtalet har bestemt.

Ei ulempe med å vere i ei kjede er sjølvsagt det faktum at ein må bøye seg for felles avgjerder som ein kanskje ikkje er einig i. Til dømes kan det hende du ikkje ønskjer ein stor marknadsføringskampanje for eit produkt som allereie sel veldig godt i apoteket ditt, men du må vere med på kampanjen som eit felles initiativ.

Det er også slik at prosessar og avgjerder ofte tek lengre tid når fleire skal meine noko om sakene som blir tekne opp. Avgjerdsprosessen kan på denne måten bli meir omstendeleg enn om ein var åleine.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs