Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Horisontal og vertikal integrasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Horisontal og vertikal integrasjon

Vi skil mellom to hovudtypar kjedesamarbeid. Kjedesamarbeid på same nivå kallar vi for horisontal integrasjon. Vero Moda-butikkane er til dømes detaljistar og er på same nivå i distribusjonskanalen. Motsett er vertikal integrasjon når bedrifter på ulike nivå i distribusjonskanalen slår seg saman.

Klesbutikken VERO MODA. Foto.

Horisontal integrasjon

Horisontal integrasjon betyr at butikkar i same del av distribusjonskjeda går saman – til dømes ti skobutikkar som sel til omtrent same målgruppe. Skoringen er eit døme på ei slik kjede. Ofte kan vi sjå både kjedenamnet og eit «privat» butikknamn over døra på butikken. Ved å gå saman på denne måten kan butikkane mellom anna

  • kjøpe inn sko som ei eining og oppnå lågare prisar fordi dei kjøper inn større kvantum
  • ha felles rekneskapsfunksjon og dele kostnadene til rekneskapsførar
  • ha felles kommunikasjon og marknadsføring, slik at kostnadene blir lågare, samtidig som dei blir meir synlege for kundane
  • ha ei felles juridisk hjelp i tilfelle dei treng det til avtalar om leige av lokale og liknande

Liknande horisontal integrasjon kan gjeras på alle nivå i ei distribusjonskjede, frå produsent til grossist til detaljist.

Vertikal integrasjon

Interiøret til ein bokhandel. Foto.
Meir enn 90 % av omsetninga i bokhandelen kjem frå bedrifter som er knytte til kjeder eller samanslutningar. Ark-kjeda er eigd av Gyldendal Forlag, Tanum er eigd av Cappelen Damm, medan Aschehoug forlag eig halvparten av Libris-kjeda. I bokbransjen finn vi altså både horisontal og vertikal integrasjon.

Tenk deg at ein grossist og ein detaljist inngår eit samarbeid. Då får du eit døme på vertikal integrasjon, altså eit samarbeid mellom to ulike typar kanalmedlemmer. Ein grossist som eig eitt eller fleire detaljistledd, får på denne måten ein sikker stad å selje produkta sine.

Viss du til dømes er importør av treningsmaskiner til Noreg, vil det vere fordelaktig å eige ei kjede med treningssenter, for då vil du ha sikker omsetning på treningsmaskinene dine i overskodeleg framtid. Då må du utstyre alle sentera med treningsmaskiner, supplere når noko går sund, setje inn nye maskiner når det er produktutvikling i bransjen, og så vidare. I tillegg får du høve til å halde ved lag dei eksisterande maskinene, og dette er det mykje pengar i. På denne måten sikrar du deg kundar.

Det kan også hende at produsentar ønskjer å eige eit grossist-føretak fordi dei vil ha kontroll med distribusjonsprosessen og sikre seg at produkta blir selde til dei rette bedriftene. Dette gjelder særleg for sterke merkevarer, der produsenten har interesse av å avgrense distribusjonen fordi vara skal framstå som ei merkevare.

Sjølv om det er meir uvanleg, kan det også skje integrasjon oppover i distribusjonskanalen, til dømes kan ein butikk kjøpe eit grossistføretak med det som føremå å sikre seg dei riktige varene.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs