Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Kjeder og kjedesamarbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjeder og kjedesamarbeid

I eit samfunn der konkurransen om kundane blir stadig hardare, må ei bedrift syte for to ting: For det første må ein halde kostnadene så låge som mogleg, slik at ein sikrar god forteneste. For det andre må bedrifta vere slagkraftig – ho må vere synleg i marknaden.

IKEA. Foto.
Møbelgiganten IKEA er godt synleg i mediebiletet, og det er ikkje berre IKEA-kundane som tener på at konsernet held kostnadene låge.

Små butikkar

Små butikkar kan absolutt vere synlege for kunden, men dei må jobbe hardt for å vise at dei finst, til dømes gjennom å annonsere i lokalpressa. Dei baserer seg naturleg nok på kundar i nærområdet, kundar som passerer.

Mange mindre butikkar er fornøgde med denne posisjonen. Dersom omsetninga og fortenesta er bra og butikken har nok kundar, er det ei overkommeleg oppgåve å drive ein liten butikk. Det krev få tilsette, og vegane til avgjerder er korte. Organiseringa er enkel og praktisk, og mange butikkeigarar ønskjer å ha det slik.

Store butikkar

Store butikkar og butikkjeder kan og må bruke meir ressursar på reklame. Butikkjedene er gjerne synlege i mange medium, som i aviser, på tv og på radio, og dei kan lettare samordne marknadsføringa fordi dei har butikkar som liknar kvarandre. Store butikkar kan dessutan basere seg på tilreisande kundar fordi dei blir oppfatta som så attraktive at kundane er villige til å komme langvegsfrå for å handle der.

Andre tilhøve som kjenneteiknar store butikkar, er at dei har mange tilsette, at vegane til avgjerder er lengre fordi det finst fleire nivå med leiing, og at dei har omfattande datasystem for kasse, fakturering, lønnsberekning, rekneskapsføring og så vidare.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs