Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Distribusjonsstrategien og dei andre p-aneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Distribusjonsstrategien og dei andre p-ane

Distribusjon, altså p for plass, er ikkje noko som blir bestemt uavhengig av dei andre p-ane. Distribusjonsstrategien heng saman med både prisstrategi, produktstrategi og kommunikasjonsstrategi.

Rolex Submariner-klokke. Foto.
Ei Rolex Submariner-klokke er døme på eit kvalitativt høgverdig og eksklusivt produkt. Kva må produsenten gjere for at kundane skal oppfatte produktet på denne måten?

Ein einskapleg strategi

Ein Rolex-klokke er eit teknisk komplekst produkt av svært høg kvalitet. Det er laga av dyre materialar og har ein gjennomtenkt design. Prisen heng sjølvsagt saman med desse eigenskapane – klokka kostar svært mykje, og Rolex finn du aldri på sal.

Rolex-klokker blir distribuerte berre hos nokre få urmakarar som har blitt vurderte som «verdige» til å selje slike klokker. Det betyr for det første at dei må ha eit utval av klokker som passar saman med Rolex. I tillegg må dei ha urmakarar med den rette kunnskapen til å selje og reparere klokkene.

Reklame for Rolex finn vi i fagpressa og i vekepressa som blir rekna som eksklusiv, som til dømes magasina D2 og i Norsk Golf. Desse magasina har relativt mange lesarar som kan ta seg råd til å kjøpe ei klokke i hundretusenkronersklassen. Rolex er også sponsor for sportsarrangement som er eksklusive, som seilregattaer og store golfturneringar.

Billøp i Daytona. Foto.
Formel 1-billøp passar utmerkt som arena for Rolex-reklame: Ekstremt dyre og eksklusive bilar er ein god «match» for klokker som vil vere «Formel 1» i sin kategori.

Som du ser, bruker Rolex marknadsføringsverktøya slik at alle p-ane støttar opp om kvarandre og medverkar til å skape ei sterk merkevare.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs