Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Eksklusiv distribusjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Eksklusiv distribusjon

Eksklusiv distribusjon betyr at berre éin eller svært få butikkar kan selje ei vare eller teneste. Dei dyraste luksusmerka, som til dømes Ferrari-bilar, blir alltid distribuerte eksklusivt fordi distribusjonsforma understrekar at produkta er uoppnåelege for dei fleste.

Ferrari-merke. Foto.

Svært spesielle produkt

Det er ofte komplekse eller eksklusive produkt som får eksklusiv distribusjon. Tenk deg Ferrari – slike bilar vil du ikkje kunne kjøpe hos kva bilforhandlar som helst, då ville heile merkevara Ferrari ha mista eksklusiviteten sin. Ferrari blir berre seld hos utvalde forhandlarar av eksklusive bilar. Dei kundane som har råd til å kjøpe slike bilar, veit kvar dei skal gå for å få seg ein Ferrari.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs