Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Selektiv distribusjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Selektiv distribusjon

Mange produsentar er nøye på kvar varene og tenestene deira blir selde. Dei vel seg ut ei viss mengd utsalsstader så produkta er tilgjengelege, men dei ønskjer ikkje at produkta skal vere å finne «overalt». På denne måten sikrar dei mellom anna at produkta blir assosierte med ein viss eksklusivitet.

Jeans. Foto.

Litt eksklusivitet, høgare pris

Å selektere betyr «å velje ut». Når ein produsent vel ut dei butikkane som skal få lov til å selje varene eller tenestene til bedrifta, snakkar vi altså om selektiv distribusjon. Til dømes vil ein kunne seie at Diesel-bukser har selektiv distribusjon: Dei blir selde i utvalde kles- og jeansbutikkar, altså ikkje overalt, men likevel på stader du veit at du får tak i dei.

Miniskjørt frå Diesel. Foto.
Kva er det som gjer eit miniskjørt til eit eksklusivt produkt? Pris? Avgrensa tilgjengelegheit? Kvalitet?

Diesel har valt denne distribusjonsstrategien fordi dei ønskjer å gi merkevara Diesel eit image som ei relativt ettertrakta bukse med ein klar stil. Då kan ikkje buksene bli selde kvar som helst, for i så fall ville dei ha mista eksklusiviteten sin. Prisen på Diesel-bukser er relativt høg, og produsenten understrekar på denne måten at det ikkje er «alle» som skal kjøpe dei. Av same grunn blir buksene berre distribuerte i butikkar som har dei kundane som vil betale over tusen kroner for ei slik bukse.

Selektiv distribusjon er gunstig ikkje berre for produsenten, men òg for dei butikkane som fører meir eksklusive merke. Kundane har ikkje så mange alternativ å velje mellom når dei skal kjøpe ei vare av eit bestemt merke, og dei er nøydde til å oppsøkje ein butikk som tilbyr nettopp det dei ønskjer.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs