Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Intensiv distribusjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Intensiv distribusjon

Intensiv distribusjon betyr at ein kan få tak i produktet nærast overalt. Sjokoladeprodusentar vel ikkje ut spesielle butikkar dei meiner er kvalifiserte til å føre produkta deira, dei er tvert om interesserte i at produkta deira er tilgjengelege for flest mogleg kundar på flest mogleg stader.

Tyggegummi og sjokolade. Foto.

Mål: å nå mange kundar

H&M-logoen. Foto.
Kjedebutikkar som H&M har sine eigne merke, men desse merka er likevel relativt billege og produkta blir selde i store volum. Derfor kan det passe å kalle distribusjon gjennom kjedebutikkar for intensiv distribusjon.

Dersom ei bedrift ønskjer at kundane skal kunne finne varene «overalt», vel ho ein intensiv distribusjonsstrategi. Tenk deg til dømes ein produsent som lagar T-skjorter i bomull, utan merke. Denne produsenten ønskjer å maksimere salet sitt ved å ha produktet tilgjengeleg i mange utsal og sel derfor til alle detaljistar som vil ha ei slik T-skjorte i utvalet sitt.

Også store kjeder som Dressmann, KappAhl og H&M finst i grunnen «overalt». Dette gjer det litt vanskelegare å beskrive distribusjonsstrategien deira, for ein kan seie at sjølv om eit produkt berre blir selt i butikkane til ei bestemt kjede, så er distribusjonen likevel intensiv fordi det er så stor tilgjengelegheit.

Nedanfor ser du ein reklame for herreunderbukser H&M bruker for å tiltrekkje seg massane. Trur du han treffer? Viss du er gut mellom 15 og 20 år, er du antakeleg i målgruppa dei søkjer.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs