Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. KanalmedlemmerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kanalmedlemmer

Kanalmedlemmer er bedrifter som får produkta fram til kunden. Distribusjonsvegen kan samanliknast med ein kanal: Produktet blir skipa frå startstaden til endestasjonen. Kanalmedlemmer er grossistar, agentar, detaljistar og kommisjonærar. Produsenten bruker eitt, fleire – eller ingen kanalmedlemmer.

Agent. Foto.
Ein agent bruker å ha eit visingsrom der detaljistane kan komme og velje ut dei varene dei ønskjer å ta inn i butikken sin.

Grossistar

Skruar. Foto.
Ein grossist kjøper inn store mengder av kvart produkt og spesialiserer seg ofte på eitt bestemt produktområde – til dømes byggjevarer.

Grossistar kjøper inn varer i store kvantum frå ulike produsentar. Ein grossist treng ikkje nødvendigvis å spesialisere seg på eitt produktområde, men det er likevel ganske vanleg at dei gjer det. Ein klesgrossist vil til dømes kjøpe inn kleskolleksjonar frå mange produsentar og ha eit stort utval av klede.

På same måte som ein produsent vil også ein grossist velje ein viss posisjon eller ha ein viss stil, slik at dei som kjøper av grossisten, veit kva dei får med tanke på kvalitet, pris og vilkår. Ein grossist kan også vere importør og kjøpe varer frå utanlandske produsentar. Grossisten har varelager sjølv.

Agentar

Agentar er salsformidlarar. Ein klesagent vil til dømes låne eller kjøpe kleskolleksjonar frå ein eller fleire produsentar. For å selje kleda frå kolleksjonen til detaljistane vil agenten ha eit «show-room» (visingsrom) der detaljistane kan komme og sjå på dei modellane dei kan kjøpe inn til butikken sin. Når detaljisten har bestemt seg, opprettar agenten ein ordre som går til fabrikken. For formidlinga av salet får agenten ein viss prosentdel i forteneste, vanlegvis mellom seks og ti prosent av ordreverdien.

Kaffiforretning. Foto.
Kaffiforretningar høyrer heime i detaljistleddet. Dei sel varene sine direkte til sluttbrukaren.

Detaljistar

Ein detaljist er det same som ein butikk eller ein utsalsstad som gjerne spesialiserer seg innan eit produktområde. Ein klesbutikk kan til dømes kjøpe inn klede frå ein eller fleire grossistar, importørar eller agentar. På denne måten set butikken saman eit utval av klede dei trur vil passe for kundane sine.

Kommisjonærar

Kommisjonærar sel produkt for andre i sitt eige namn og får lønn frå produsenten for salsarbeidet. Det arbeidet kommisjonæren gjer, kan likne på det arbeidet agenten gjer, men ein kommisjonær er ein detaljist og har sin eigen butikk. Det finst til dømes mange butikkar som fungerer som kommisjonærar for avishusa. Avishusa vil selje avisene sine der folk flest handlar daglegvarer, nemleg i butikkar eller kioskar. Det er ikkje vanleg med eigne avisbutikkar.

Aviser. Foto.
Butikkar, kioskar og bensinstasjonar er typiske utsalsstader for aviser og fungerer som kommisjonærar for avishusa. Det betyr mellom anna at dei ikkje har nokon økonomisk risiko knytt til salet.

Ordninga er slik at avishusa får «låne butikkplass» til distribusjon av avisene sine, medan avisene som ikkje blir selde, kan sendast tilbake. Butikken tek altså ikkje på seg nokon økonomisk risiko – han sel avisene, men det er framleis avishuset som eig dei, og som har risikoen økonomisk sett.

Både butikken og avishuset dreg fordel av denne ordninga: Fordi butikken har aviser, tiltrekkjer han seg gjerne fleire kundar, samtidig som han tener noko på salet heilt utan økonomisk risiko. Avishuset på si side slepp å opprette eigne utsalsstader og betaler butikken berre for dei avisene som er selde. Uselde aviser blir sende tilbake. Du har vel sett bunkane med aviser som ofte ligg på trappene til butikkane, bundne saman med snorer? Dette er returaviser til avishusa.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs