Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Direkte distribusjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Direkte distribusjon

Direkte distribusjon betyr at produktet går rett frå produsent til kunde. Denne forma for distribusjon er kostnadssparande, men ho har også sine avgrensingar.

Investor Kjell Inge Røkke selger reker fra brygga. Foto.
På biletet ser du Kjell Inge Røkke selje reker på kaia i Oslo, direkte til kundane. Men Røkke ville neppe blitt ein av dei rikaste personane i Noreg om han hadde insistert på å selje alle varene sine direkte!

Kontroll over distribusjonen

Gardsbutikk. Foto.
Direkte distribusjon er neppe vegen å gå for den som vil bli millionær. Men somme føretrekkjer å vere lykkeleg som liten!

Den største fordelen ved direkte distribusjon er at produsenten har stor kontroll over distribusjonsprosessen. Det er ingen andre som handterer produkta på veg til kunden, produsenten held i produktet sitt heilt til kunden får det.

Men på den andre sida kan det vere avgrensa kor mange kundar og marknader ein produsent klarer å nå ved eigen distribusjon. Bedrifta må ha kunnskap og økonomi til å byggje opp eit distribusjonsnettverk sjølv, slik at varene blir tilgjengelege for alle potensielle kundar. Dersom ein ikkje har eit slikt nettverk, taper ein kundar fordi ein ikkje evnar å komme i kontakt med dei. Det betyr igjen lågare inntekter for bedrifta.

God kundekunnskap

Ved direkte distribusjon får bedrifta god kontakt med kundane sine og kan bruke denne kunnskapen om kjøpsvanar, preferansar og så vidare til å lage treffsikre strategiar for framtida. Men sjølv om det er vel og bra å kjenne kundane sine så godt, kan det ofte vere lurt å konsentrere seg om kjerneaktiviteten sin, det vil seie produksjonen. Kundekunnskap kan kjøpast hos andre, og alle treng ikkje å kunne alt.

Lågare kostnader

Alle mellomledda i ein distribusjonskanal skal ha fortenesta si – ingen gjer gratis arbeid. Derfor kan direkte distribusjon bety lågare kostnader for bedrifta, i og med at ein sparer utgiftene som elles ville gått til mellomledd. Likevel kan det samla sett vere meir lønnsamt å bruke mellomledd i distribusjonen fordi ein når langt større kundegrupper enn ved direkte distribusjon.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs