Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. Val av distribusjonsformChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Val av distribusjonsform

Det er mange tilhøve å ta omsyn til når distribusjonsform skal veljast. I bilindustrien er det oftast bilforhandlarane som sel til sluttbrukar. Produsentane overlèt jobben med å få varene ut til kunden til distributørar. Då kan produsentane konsentrere seg om det dei kan best – nemleg å lage bilar.

Volvo sitt hovedkontor. Foto.

Direkte distribusjon

Direkte distribusjon betyr at vara eller tenesta som blir produsert, går direkte frå produsent til forbrukar, utan noka form for mellomledd. Mat som blir produsert på eit restaurantkjøken, og som blir servert til gjesten ved bordet, er eit døme på direkte distribusjon. Det same kan ein seie om fabrikkutsal av klede: Kleda blir produserte på fabrikken, og kunden kjem dit og kjøper utan at nokon mellomledd er involverte. Andre direkte distribusjonsmetodar kan vere bestilling hos produsenten via postordre, telefon eller Internett.

Indirekte distribusjon

Når det blir brukt mellomledd for å få vara ut til kunden, som til dømes fraktbyrå, grossistar, butikkar og så vidare, snakkar vi om indirekte distribusjon. Kva for ei distribusjonsform ei bedrift til slutt vel, kjem an på fleire tilhøve: behovet for kontroll med distribusjonen, økonomi, kunnskap om kundegruppa og eigne ønske om verksemdområde. Ikkje alle bedrifter har økonomi til å bli gode på både produksjon og distribusjon.

Uansett kva slags alternativ ei bedrift bestemmer seg for, er det viktig at avgjerda er gjennomtenkt! I videoen nedanfor ser du eit humoristisk døme på kva som kan skje dersom vi vel feil distribusjonsform for produktet vårt.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs