Hopp til innhald

  1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. KonkurransemidlaChevronRight
  4. P for plassChevronRight
  5. DistribusjonskanalarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Distribusjonskanalar

Distribusjonskanalen er vegen eit produkt tek frå produsent til forbrukar. Vi beskriv distribusjonskanalen ved hjelp av kor mange og kva type mellomledd. Kvart mellomledd krev transport, lagring og vidaresal.

Lager. Foto.

Kanalmedlemmer

Mellomledda i distribusjonskanalen kallar vi kanalmedlemmer. Ei verksemd kan velje kor mange kanalmedlemmer ho ønskjer å bruke, men til vanleg består ein distribusjonskanal av produsent (fabrikk), grossist og detaljist. Klede til dømes blir gjerne produserte i ein fabrikk og deretter selde til ein grossist, som kjøper inn klede frå mange produsentar. Grossisten sel så kleda til butikkar (detaljistar), der kunden kjem for å kjøpe dei.

Ein ny type kanalmedlem?

No for tida kan det til og med hende at ein kunde nyttar seg av ein «personal shopper», ein personleg hjelpar som også skal ha sin del av «kaka» før vara endeleg når kunden. I videoklippet nedanfor ser du kva ein personal shopper meiner ho kan gjere for deg.

Eit strategisk val

Kvar gong ei vare skal vidare frå ein kanalmedlem til neste, er det nødvendig med transport med lastebil, tog, båt eller fly og lagring på eit større eller mindre lager rundt om i landet eller i verda. Dess fleire medlemmer som finst i distribusjonskanalen, dess fleire er det som handterer vara på ein eller annan måte, og som skal tene pengar før vara når kunden. Det kan bety at vara blir dyrare, eller at fortenesta per eining blir mindre. Det kan også bety at produsenten har mindre kontroll med kvar og korleis vara faktisk blir seld til slutt. Produsenten må derfor vurdere nøye i kvart enkelt tilfelle kva som er den beste distribusjonsstrategien.

Læringsressursar

P for plass

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Vurderingsressurs