1. Home
  2. Markedsføring og ledelse 1ChevronRight
  3. Organisasjon og leiingChevronRight
  4. OrganisasjonsoppbyggingChevronRight
  5. Køyr kamera!ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Køyr kamera!

Piktogram for filmoppgave

Lag ei oversikt!

No skal du få lage ein film som gir oversikt over ulike organisasjonsstrukturar. Filmen din skal vise fram ein organisasjon som har ein enkel struktur, og ein organisasjon som har større og meir krevjande oppbygging. Ta utgangspunkt i fagstoffet i dette kapittelet og finn konkrete døme på dei ulike strukturane på nettet. Bruk Photo Story denne gongen, og legg inn tekst, bilete, og lyd i form av di eiga stemme.

Filmen din skal gi svar på:

  • Kva for nokre typar organisasjonar har vi?
  • Kva skal ein organisasjonsstruktur bidra til?
  • Kva kjenneteiknar dei forskjellige strukturane?
  • Korleis kan ein liten organisasjon vere bygd opp? Gi eit døme på ein liten og enkel organisasjon frå verkelegheita, og beskriv korleis arbeidsoppgåvene er fordelte her.
  • Korleis kan ein stor organisasjon vere bygd opp? Gi døme på ein større og meir komplisert organisasjon frå verkelegheita. Forklar korleis arbeidsoppgåvene er fordelte her, og kor mange lag med leiing organisasjonen har.

Spel filmen for klassen, og få tilbakemelding. Kva var bra, og kva kunne vore betre? Berre konstruktiv tilbakemelding er lov!

Læringsressursar

Organisasjonsoppbygging

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs