1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for samtale og dialog ChevronRight
  5. Sokratisk seminarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sokratisk seminar

Sokratisk seminar er ein måte å gjennomføre ein utforskande samtale på, der du som elev blir trent opp i refleksjon. Gjennom å lytte til andre sine argument, og sjøv delta aktivt i samtalen, får du øvd på både å utvikle eigne resonnement, og å aktivt lytte til andre sine.

Her ser du eit eksempel på ein måte å gjennomføre ein sokratisk samtale på. Filmen er redigert, så sjølve samtalen tok ein del lenger tid, og fleire elevar svarte på kvart av spørsmåla frå læraren, for poenget er å utvikle resonnement i fellesskap. Gjennom å utvikle eigne resonnement på bakgrunn av idear du har frå før, og idear du får når andre uttrykkjer seg, utviklar ein eit tenkjande fellesskap.

Korleis føregår eit sokratisk seminar?

Samtalen blir organisert slik at elevane sit i to sirklar, ein ytre og ein indre. Dei i den indre sirkelen samtalar, dei i den ytre lyttar. Etter ei viss tid, for eksempel 10 minuttar, kan elevane i den ytre sirkelen sleppe til og seie noko om kva dei har fått ut av å lytte.

Spørsmål dei kan få er for eksempel:

  • Kva lærte du av å lytte til samtalen?
  • Er det noko du lurer på eller ikkje forstod?
  • Er det noko du var veldig ueinig i?

Etter dette kan elevane byte plass, slik at begge gruppene blir trente i både aktiv lytting og deltaking i ein utforskande samtale.

Når kan metoden brukast?

Sokratisk seminar er ein metode som kan brukast når heile, eller delar av klassen, skal diskutere ein religiøs eller filosofisk tekst eller samtale om eit filosofisk spørsmål.

Filosofiske spørsmål som kan diskuterast er for eksempel:

  • Kvar kjem det vonde frå?
  • Korleis blei verda til?
  • Kva er lykke?
  • Kva er det perfekte samfunn?
  • Har mennesket fri vilje?
  • Kva er eit meiningsfullt liv?

Læringsressursar

Metodar for samtale og dialog

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter