Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for samtale og dialog ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Metodar for samtale og dialog

Å kunne uttrykkje seg munnleg i religion og etikk inneber både å lytte til andre, og å formulere seg i samtalar og dialog. For å få innsikt i korleis andre menneske trur og tenkjer, og tydeleggjere din eigen ståstad, kan du lære deg nokre enkle samtaleteknikkar.

Unge mennesker som snakker sammen i gruppe. Foto.

Ein av fleire slike teknikkar blir kalla strukturert filosofisk samtale. Sokratisk samtale er ein tilsvarande teknikk.

Dialog er ein samtale mellom likeverdige partnarar der vi først og fremst er interesserte i å lytte til og forstå den vi snakkar med. I ein diskusjon er vi opptekne av å overtyde andre om at våre meiningar er rette. I dialogen handlar det om å la alle bli høyrt, og møte det den andre seier med oppriktig nysgjerrigheit.

Læringsressursar

Metodar for samtale og dialog