Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. Korleis bruke Smarts religionsdimensjonar?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis bruke Smarts religionsdimensjonar?

Alle dei sju religionsdimensjonane heng saman. I denne artikkelen ser vi på korleis læredimensjonen kan brukast som utgangspunkt når vi skal beskrive og samanlikne dei andre religionsdimensjonane.

Tre personer holder frem hver sin bok. Boka til venstre har et kors på omslaget. Boka i midten har arabisk skrift og utsmykning. Boka til høyre har hebraisk skrift med bilde av en skriftrull. Foto.
Dei heilage tekstane i kristendommen, islam og jødedommen: Bibelen, Koranen og Toraen.

Ved å sjå på dei viktigaste delane av læredimensjonen kan vi sjå korleis denne dimensjonen kan knytast til alle dei andre dimensjonane.

Læredimensjonen

Læredimensjonen, eller den filosofiske dimensjonen, omfattar dei mest sentrale tankane i ein religion. Truvedkjenning, verkelegheitsoppfatning, gudssyn, menneskesyn og læra om frelse er viktige omgrep.

Ei truvedkjenning er kortversjonen av den viktigaste læra og dogmene i ein religion. Truvedkjenningar kan variere i ulike retningar innanfor same religion. Den islamske truvedkjenninga i sunni-islam vektlegg at det berre finst éin gud, og at Muhammed er sendebodet hans, mens truvedkjenninga i shia-islam legg til at Ali – Muhammeds fetter og svigerson – også har ein sentral plass.

Verkelegheitsppfatningar forklarer kor alt kjem frå, og kva som skjer når ein døyr. Ifølgje verkelegheitsoppfatninga i abrahamittiske religionar er alt skapt av ein allmektig gud, som også vil dømme kvar enkelt etter døden i ein åndeleg tilstand. Ifølgje dei fleste ikkje-religiøse verkelegheitssoppfatningane er universet ikkje skapt av noko overnaturleg, og når ein døyr finst det ikkje noko etterliv. Derfor kallar ein ofte religiøse verkelegheitsoppfatningar for dualistiske (frå latin og betyr todelt), fordi dei opererer med ei todeling av verkelegheita – ei fysisk og ei åndeleg. Ikkje-religiøse verkelegheitsoppfatningar derimot, slik som livssynshumanisme, blir ofte sett på som materialistiske, fordi dei berre anerkjenner det materielle og fysiske ved tilværet.

Gudssyn omhandlar kva slags forståing ein religion har av omgrepet gud.

  • Teisme (gr. theos = gud) betyr tru på ein personleg gud.
  • Ateisme (gr. a = ikkje) betyr nektinga for at det finst nokon slik gud, som vi finn i livssynshumanismen.
  • Monoteisme (gr. mono = éin) betyr tru på at det berre finst éin gud, slik som i abrahamittiske religionar.
  • Polyteisme (gr. poly = fleire) betyr trua på fleire personlege gudar, slik som i hinduismen eller shintoismen.
  • Panteisme (gr. pan = alt) er trua på at alt som finst er ein del av ein gud eller noko guddommeleg, slik som vi finn i daoismen.

I somme religionar finn ein blandingar av ulike gudssyn og bestemte retningar. Til dømes er gudssynet i sikhismen ei blanding av monoteisme og panteisme, og somme kristne vil karakterisere gudssynet sitt som panteistisk framfor monoteistisk.

Mange ulike trefigurer ligger på et brett. Foto.
Sandeltrefigurar av hindugudar til sals i ein indisk landsby. Veit du namnet på nokon av dei?

Menneskesyn omhandlar kva eit menneske fundamentalt sett er. Dette inkluderer spørsmål som om vi er fødde gode eller vonde, om vi har fri vilje eller ikkje, om vi har ei sjel eller berre den fysiske kroppen vår, og forholdet mellom kjønna. I kristendommen er haldninga at mennesket er fødd med synd pga. syndefallet som er beskrive i 1. Mosebok. I hinduismen har alle menneske ei uforanderleg, evig sjel kalla atman, mens i buddhismen er mennesket forstått som eit vesen i konstant forandring utan noka permanent sjel eller ein identitet, kalla anatman (ikkje-sjel). Fleire sunnimuslimar og kalvinistiske kristne framhever at fri vilje ikkje eksisterer, fordi Gud har allereie bestemt kven som kjem til himmelen og helvete. Moderne humanisme set mennesket i sentrum framfor alt anna og framhevar at likeverd og likestilling mellom kjønna er sentralt. Synet på kjønn i islam og kristendom vektlegg også likeverd, men strekar under at likestilling mellom kjønna kan gå imot Guds reglar og plan.

Læra om frelse handlar om kva som er grunnproblemet og løysinga – eller det høgaste målet – i ein religion. I kristendommen er grunnproblemet synd, og løysinga er å bli frigjord eller frelst frå synda gjennom Jesus Kristus. I buddhismen er problemet begjær og fåkunne, som fører til dårleg karma og atterføding. Løysinga er å overvinne begjæret og oppnå nirvana ved å følgje Buddhas lære. Alle religionar har eit grunnproblem og ei løysing som fører til frelse frå dette problemet. Ordet frelse er nært knytt til kristendommen, og i andre religionar kan det vere meir korrekt å bruke andre omgrep, som til dømes frigjering.

Læredimensjonen sin tilknyting til dei andre dimensjonane

Læredimensjonen utgjer grunnlaget i ein religion og kan derfor knytast til alle dei andre dimensjonane.

Truvedkjenningar inngår svært ofte i den rituelle dimensjonen, der resiteringa av heile vedkjenninga er ein viktig del av daglege ritual eller ritual som går føre seg kvar veke, til dømes i buddhisme og islam.

Gudssynet kan påverke både den rituelle, materielle- og opplevingsdimensjonen. Dette fordi det legg føringar for kva kjensler og opplevingar skal rettast mot (Allah i islam, treeininga i kristendommen), kva slags ritual som skal vektleggjast (til dømes bøn i monoteistiske religionar og ofringar i polyteistiske religionar), og kva kunstnariske uttrykk som blir aksepterte (ikkje-biletleg kunst i islam, svært menneskeleg kunst i hinduisme).

Verkelegheitsoppfatning, menneskesyn og læra om frelse både påverkar og blir påverka av dei mytiske, materielle, etiske og sosiale dimensjonane. I kristendommen blir sentrale tankar formidla gjennom mytar (om Adam og Eva, Jesu mirakel). Desse blir uttrykte i kunstverk i kyrkjer og katedralar, og frelse inneber å tru på ei bestemt verkelegheitsoppfatning (Jesus er Guds son som døydde for alle sine synder).

Syv ulike figurer av Jesus på korset stilt opp mot en vegg. Pyntet med blomster. Foto.
Jesus på korset, eller berre eit nake kors, er det vanlegaste materielle uttrykket i kristendommen. Det at Jesus døydde på korset, er også ein heilt sentral myte og ei avgjerande hending for den kristne læra om frelse.

Dei etiske og sosiale dimensjonane heng tett saman med lære om frelse. I kristendommen og buddhismen er frelsa avhengig av etisk disiplin. Frelsa blir rekna som lettare oppnåeleg i sanghaen eller i klosteret, ev. ved hjelp av religionen sine representantar (prestar og biskopar i katolisisme, lamaar i tibetansk buddhisme). M.a.o. er den sosiale dimensjonen også viktig.

Dei sju dimensjonane kan ikkje skiljast frå kvarandre, men heng tett saman på forskjellige vis i kvar ei religiøs gruppe vi analyserer. Smart framhevar at ved å samanlikne éin bestemt dimensjon i fleire religionar, til dømes den rituelle dimensjonen, kan ein betre forstå kva ritual er og særtrekka ved religionane ein studerer.

Viktige omgrep

  • truvedkjenning
  • verkelegheitsoppfatning
  • gudssyn
  • menneskesyn
  • læra om frelse
  • dualistisk
  • materialistisk
  • teisme
  • ateisme
  • monoteisme
  • polyteisme
  • panteisme
  • fri vilje
  • atman
  • anatman

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Den norrøne skapingssoga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.