Hopp til innhald

  1. Home
  2. Religion og etikkChevronRight
  3. Metodar for utforsking og dialogChevronRight
  4. Metodar for utforskingChevronRight
  5. SkapingsmytarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skapingsmytar

Ein skapingsmyte er ei forteljing om korleis verda og menneska er blitt til. Slike forteljingar finn vi i dei fleste kulturar og religionar.

Gus strekker ut en finger som møter fingeren til en mann. Freskomaleri.
Skapinga av Adam. Utsnitt av freskomåleri i Det sixtinske kapell i Roma, måla av Michelangelo (1475–1564)

Skapingsmytar

Ein skapingsmyte er ei forteljing om korleis verda og menneska er blitt til. Dei mytane vi kjenner, byggjer ofte på forteljingar som har blitt overleverte munnleg frå generasjon til generasjon, og først seinare nedteikna i religiøse eller historiske skrifter.

Mytane legg også føringar for måten vi oppfattar verda på i dag og for det grunnleggjande menneskesynet i ein religion eller ein kultur. Mytane blir gjerne tolka på nye måtar etter kvart som samfunnet endrar seg, slik døma nedanfor illustrerer.

I ein av skapingsmytane i Bibelen gir Gud mennesket råderett over jorda og andre levande skapningar:

Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råde over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda. (1. Mosebok kap.1. 28–29).

Forteljinga har blitt forstått slik at mennesket har rett til å utnytte og forbruke alle andre levande skapningar på jorda. I dag legg mange vekt på at bodskapen i myten er at mennesket har eit spesielt ansvar for naturvern og berekraftig utvikling på kloden vår ("det kristne forvaltaransvaret"). Liknande mytar finn vi i fleire andre religionar, til dømes i samisk mytologi.

Ein annan bibelsk skapingsmyte handlar om korleis mennesket blei skapt som mann og kvinne. Gud såg at det ikkje var godt for Adam å vere aleine. Derfor forma han kvinna (Eva) av ribbeinet til mannen (Adam):

Då lét Herren Gud ein djup søvn komme over mannen. Mens han sov, tok han eit ribbein og fylte igjen med kjøtt. Av ribbeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen. Då sa mannen: «No er det bein av mine bein og kjøtt av mitt kjøtt. Ho skal kallast kvinne, for av mannen er ho teken. (1. Mosebok kap.2. 18–21).

Historisk er denne forteljinga blitt brukt av jødar, kristne og muslimar til å legitimere kvifor kvinner naturleg er underordna mannen. Men i samfunn prega av ideal om likestilling blir det i dag lagt vekt på at myten eigentleg seier at menn og kvinner er av same substans, og derfor likeverdige.

Skapingsmytar i ulike kulturar

Mange skapingsmytar tek utgangspunkt i eit kaos der gudommelege krefter grip inn og etablerer eit ordna tilvære, eit kosmos. Det er dette som i neste omgang gjer det mogleg å etablere liv. Men mytane har ulike forklaringar på korleis livet, og med det mennesket, oppstod.

I buddhismen er ein lite oppteken av førestillingar om korleis verda og menneska blei til. I hinduismen finst det ei førestilling om ein syklus som består av skaping, vidareføring og øydelegging.

Skapingsmytar som har opphavet sitt i Midtausten og Europa er hovudsakleg lineære. Universet og mennesket blei på eit tidspunkt skapte, og har utvikla seg vidare langs ei tidslinje fram mot den verda vi kjenner i dag. Men i desse religionane finst det også katastofemytar som omtalar korleis verda går under, og ei ny verd stig fram. Døme er forteljinga om den store flaumen som vi finn i mange kulturar, beskrivinga av ragnarok i norron mytologi og jødiske, kristne og muslimske forteljingar om det store endetidsslaget ved Harmageddon som gjer ende på verda slik vi kjenner henne i dag.

Person med blåfarget hud hviler på ryggen av en fisk sammen med en dame. I havet rundt ulike skapninger. Illustrasjon.
Hinduguden Vishnu kviler mellom øydelegginga og skapinga av ei ny verd. Han søv på slangen Ananta som representerer evigheita. Saman med ham er Lakshmi. Indisk illustrasjon frå 1700-talet.

Jorda blir skapt

I mange skapingsmytar er det gudar eller gudommelege krefter som set skapingsprosessen i gong. Ein fem tusen år gammal egyptisk myte fortel korleis skaparguden Atum stig opp av havet og skil vatnet frå tørt land. Deretter skilst himmel og jord.

Den bibelske skapingsmyten i 1. Mosebok kap.1 ("sjudagarsforteljinga") har jødar og kristne til felles. På den første dagen skil Gud (Jahve) jord og himmel og lys og mørker. Det er Guds ord som er den skapande krafta. Dag for dag veks det universet vi i dag kjenner, fram: himmelkvelvinga, hav og land, sol og måne, alt som veks og gror, fiskar, fuglar og dyr, og til slutt mennesket. På den sjuande dagen var skaparverket fullført, og då kvilte Gud.

I ein annan egyptisk skapingsmyte er det samspelet mellom urkreftene vatn, luft, mørker og æve som føder guden Ra. Dette er førestillingar vi kan kjenne att frå norrøn mytologi, der urjotnen Yme og den underlege skikkelsen Bure blir til som eit resultat av møtet mellom is og eld i Ginnungagap. Yme og Bure blir stamfedrar til guden Odin.

En mann i siluett med lendeklede skiller to verdener fra hverandre. Veggmaleri.
Detaljar frå Amon-tempelet i Egypt. Amon-Ra var kongen til gudane. Illustrasjonen viser korleis Shu, guden for vind og luft, skil himmelgudinna Mutter frå jordguden Geb. Utsmykkinga er frå det 21. dynastiet, ca. 984 f.Kr.

Mennesket blir skapt

Det finst ulike forteljingar om korleis mennesket blei til. I den bibelske sjudagarsforteljinga er mennesket skapt av Gud «i Guds bilete», og står derfor i særstilling i høve til Gud og til andre levande vesen.

Den andre bibelske skapingsforteljinga, som vi finn i 1. Mosebok kap.2, har jødar og kristne også felles med muslimar. I denne myten formar Gud (Allah/Jahve) det første mennesket (Adam) av støv og vatn, og blåser liv i det. Vi finn denne førestillinga att i det lutherske gravleggingsritualet når presten seier: «Av jord er du kommen, til jord skal du bli».

Ei liknande førestilling finst i norrøn mytologi, der Voluspå seier at mennesket blei skapt av jord, mens Den yngre Edda fortel at dei første menneska, Ask og Embla, oppstod frå to trestokkar som Odin pusta liv i, og som guden Høne gav forstand. I gresk mytologi blir det også sagt at titanen Promethevs forma mennesket av leire og gav det elden.

Kampen mellom det gode og det vonde

Et svært, grønt sjømonster piske opp havet. I skyen over Gud med sverd i hånda. Illustrasjon.
Leviatan teikna av Gustav Doré.

Mange kulturar har mytar som handlar om ein urkamp mellom gode og vonde, eller konstruktive og destruktive, krefter i tilværet. Denne førestillinga prega blant anna zoroastrismen.

Sentralt i religionen til dagens forfølgde folkegruppe jesidiane er dyrking av den falne engelen Melek Taus (påfugl-engelen). Vi finn spor av dei same førestillingane i Det gamle testamentet i forteljingar som omtalar englar og demonar (Satan). Dette viser korleis religiøse og kulturelle førestillingar er påverka av mytar i nabokulturar.

I Det gamle testamentet finst også forteljingar om det vonde sjøuhyret Leviatan. Myten om Leviatan stammar frå egyptisk mytologi, men vi finn han også att i norrøn mytologi i Midgardsormen som guden Tor kjempa mot.

Forteljingar om den store flaumen

I den sumeriske skapingsmyten bestemmer gudane seg for å utrydde menneska og lèt jorda bli fløymd over av ein stor flaum i sju dagar. Sumerarane var ei folkegruppe som for sju tusen år sidan budde mellom elvane Eufrat og Tigris i det som i dag er Irak. Ifølgje myten får Ziusudra (Atrahasi) beskjed om å byggje ein stor båt, og dei som blir valde ut til å bli med om bord, er dei som for framtida skal folkesetje jorda.

Forteljinga om den store flaumen finn vi att i det babylonske Gilgamesj-eposet, i jødiske, kristne og islamske religiøse skrifter (forteljinga om Noas ark) og i gresk mytologi.

Folk og dyr i en båt. Miniatyrmaleri.
Noahs Ark, islamsk miniatyrmåleri frå Timur-regimet i Afganistan ca. 1425.

Kjelder

  • Store norske leksikon: https://snl.no/skapelsesmyter. Henta 07.05.19
  • Wikipedia: https://no.wikipedia.org/wiki/Skapelsesmyte. Henta 07.05.19

Læringsressursar

Metodar for utforsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Skapingssoga slik vi finn ho i Bibelen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Den norrøne skapingssoga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Norrøn mytologi: Balders død

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Samisk skapingssoge

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for kildemateriale.